Hjem
Universitetsbiblioteket

Creative Commons

Målsetnaden med Open Access-publisering er å gjere vitskapelege publikasjonar opent tilgjengeleg for alle. Creative Commons-lisensar vert nytta fordi dei tilbyr ein internasjonalt etablert juridisk struktur som er i samsvar med denne målsetnaden.

Creative Commons erstattar ikkje opphavsretten, men er eit sett av lisensar som opphavspersonen kan nytte for å opne for visse formar for bruk og gjenbruk. Alle lisensane krev at opphavspersonen vert namngitt ved bruk av eit lisensiert verk.

Det finst seks ulike Creative Commons-lisensar:

  1. Navngivelse (by): Sammendrag, juridisk lisenstekst
  2. Navngivelse-Del på samme vilkår (by-sa): Sammendrag, juridisk lisenstekst
  3. Navngivelse-Ingen bearbeidelse (by-nd): Sammendrag, juridisk lisenstekst
  4. Navngivelse-Ikkekommersiell (by-nc): Sammendrag, juridisk lisenstekst
  5. Navngivelse-Ikkekommersiell-Del på samme vilkår (by-nc-sa): Sammendrag, juridisk lisenstekst
  6. Navngivelse-Ikkekommersiell-Ingen bearbeidelse (by-nc-nd): Sammendrag, juridisk lisenstekst

Creative Commons Norge har ein god gjennomgang av lisensane på sine nettsider: http://creativecommons.no/omcc. Særleg nyttig er lista over grunnreglar i alle lisensane: http://creativecommons.no/node/54. Det er verdt å merkja seg at ein forfattar vanlegvis beheld opphavsretten når han publiserer Open Access. Dersom forlaget likevel krev at opphavsretten vert overført og du som forfattar aksepterer dette, vil enkelte av disse reglane ikkje gjelde for deg.

Creative Commons BY

Me oppmodar forfattarar til å velje CC BY for Open Access-publikasjonar fordi:

  • Lisensen sikrar at publikasjonen vert open i vidast mogleg forstand til beste for brukarar og samfunnet elles.
  • Lisensen legg få restriksjonar på bruk og omarbeiding og sikrar at forskinga kan spreiast og delast så vidt som mogleg.
  • Lisensen har vorte ein «standard»-lisens innan Open Access-publisering og vert nytta av dei store Open Access-forlaga som Public Library Of Science (PLOS) og BioMed Central. Store forskingsfinansiørar som Wellcome Trust krev også bruk av denne lisensen.
  • Lisensen samsvarar best med idealet om Open Access slik det er definert av Budapest Open Access Initiative. 

Sjølv om me tilrår bruk av ein CC BY-lisens, står forfattarar som får støtte frå budsjettposten, fritt til å velje ein annan, meir restriktiv Creative Commons-lisens. Ver då merksam på at sjølv om meir restriktive lisensar kan forhindre uynskt bruk, kan dei også avgrense det du som forfattar oppfattar som legitim bruk.

Meir informasjon om Creative Commons finn du her:

Creative Commons http://creativecommons.org/

Creative Commons Norge http://creativecommons.no/