Hjem
Universitetsbiblioteket
Nyhet

Hjarteleg velkomne til utstillinga "Funkis i Bergen"

På Bibliotek for humaniora, kan ein nå sjå utstillinga "Funkis i Bergen"

Fra utstillingen "Funkis i Bergen"

Hovedinnhold

Det er Jan Olav Gatland som har laga utstillinga saman med sin  kollega Pedro Vásquez frå Spesialsamlingane ved UB. Det er Pedro som har tatt fotografia som er utstilte, og det er Billedsamlingen som har trykt opp dei tre store bilda.

Dei store bilda viser tre av Bergens karakteristiske funksjonalistiske bygg eller "funkisbygg", og i år kan to av dei mest markante feire 80 år, nemleg Kalmarhuset (i Jon Smørs gate 11) og Blaauwgården (i C. Sundts gate 1). Begge vart teikna i 1936 av Leif Grung som vel var Bergens førande funkisarkitekt ved sida av Per Grieg, som er mest kjend for Sundt varemagasin (på Torgallmenningen) , teikna året etter i 1937. Bergensarane Grung og Grieg etablerte seg begge med eige arkitektkontor i Bergen i 1923. Oslo-arkitekten Carl Berner blei imponert over denne arkitekturen og oppfordra sine kollegaer i 1938: "Reis til Bergen og lær!"

 I utstillingskatalogen finn vi ein fyldig informasjon om funkis-arkitekturen og arkitektane som stod bak.  ( du kan laste ned utstillingskatalogen under)