Hjem
Fagressurser - Spesialsamlingene
Terminologi

Termportalen

Velkommen til Termportalen ved Språksamlingane – ein nasjonal portal for terminologi! Termportalen er ein fritt tilgjengeleg ressurs til norsk terminologi innanfor ei lang rekkje fagområde, der det er mogleg å søkja på tvers av termbasar og fag.

Hovedinnhold

I Noreg har det i lang tid vore etterlyst eit initiativ for å etablera ein nasjonal termportal. Dette arbeidet er no i gang i regi av Universitetet i Bergen i samarbeid med Språkrådet. I Termportalen utviklar me no ein infrastruktur for terminologi der flest mogleg av allereie etablerte terminologiske ressursar blir integrerte via éi felles søkerute. Finansieringa er sikra gjennom ei samfinansiering mellom Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet. Du kan søkje etter norsk terminologi på tvers av ei rekkje termbasar og fagområde samstundes.

Termportalen gjev brukarar fritt tilgjenge til norsk terminologi innanfor ei rekkje fagområde, og målet er å samla flest mogleg fritt tilgjengelege ressursar i denne portalen. Ein god del av ressursane inneheld terminologi på både norsk og engelsk, medan enkelte ressursar òg dekkjer andre språk. Ei ny utgåve av Termportalen er no under utvikling og eit nytt brukargrensesnitt skal på plass. Det vil bli lagt til ei rekkje termbasar framover, og om kort tid vil det òg bli mogleg å søkje i eksterne termbasar via Termportalen si søkjerute. Du kan søkje i alle ressursane på ein gong, etter term eller i fritekst. Du vil òg kunne søkje meir spesifikt på dei fagområda du ønskjer etterkvart.

Termportalen består òg av ein redigeringsapplikasjon for termgrupper som ønskjer å registrere terminologi på sine fagområde. Ta kontakt på termportalen@uib.no dersom du ønskjer å kome i gang med terminologiarbeid.

Gjennom Termportalen tar vi vår del av det nasjonale ansvaret for å utvikla og vareta norsk terminologi som er gjeve til høgare utdann