Hjem
Fagressurser - Spesialsamlingene
Norsk stadnamnarkiv i 100 år

Norsk stadnamnarkiv i 100 år

Jubileumskonferanse i Bergen 27.–28. oktober 2021.

Hovedinnhold

Stadnamn – språk, historie og landskap

Namnevitskapen i går, i dag, i morgon

 

I 2021 er det hundre år sidan Norsk stadnamnarkiv vart skipa. Den 1. juli i 1921 kom den fyrste løyvinga til eit nasjonalt arkiv for stadnamn, og difor reknar ein denne dagen som skipingsdato for arkivet. Frå starten heldt arkivet til i Oslo, og Gustav Indrebø var fyrste styraren. Då Indrebø vart tilsett som professor i vestnorsk målgransking i Bergen i 1930, vart arkivet liggjande nede i fleire år, men i 1939 tok verksemda seg opp att. Arkivet vart statsinstitusjon, flytt til Bergen og fekk på ny Gustav Indrebø til styrar. I 1944 vart arkivet flytt attende til Oslo og frå 1979 vart det lagt inn under Universitetet i Oslo. Der fekk arkivet ei litt skiftande organisering og skiftande namn. I 2016 vart så stadnamnsamlinga på ny overførd til Universitetet i Bergen.

Over åra har Stadnamnarkivet gått frå å vera eit forskingsarkiv til òg å vera ein viktig reiskap forvalting for stadnamnlova. Konferansen er difor av interesse for forskarmiljøa på tvers av faggrenser og for offentleg namnerøkt og namnebruk.

Ein slik viktig nasjonal institusjon må feirast når han rundar 100 år. Men det er meir enn ei feiring. Jubileet må nyttast til å visa fram verdien og oppgåvene til Stadnamnarkivet, og det ansvaret samfunnet har for det. Arkivet må atter setjast på den nasjonale dagsordenen, og Universitetet i Bergen må trekkjast fram som ein viktig husvert og støttespelar for det vidare arbeidet med det.

Det er valt ut nokre hovudtema for konferansen, sjå oversynet nedanfor.

Tid og stad

Jubileumskonferansen finn stad ved Universitetet i Bergen onsdag 27. og torsdag 28. oktober 2021. Konferansen vert halden i den flotte universitetsaulaen i den renoverte sørfløya av Naturhistorisk museum, på Sydneshaugen.

Tidsplan og påmelding

01.03.2021:   UTVIDA FRIST TIL 15.03.2021 
                     for innsending av samandrag (abstrakt) for innlegg. Maks 300 ord.
                     Vi ønskjer fleire bidrag. Legg inn påmeldinga di her
                     Foredragshaldaren får 20 min. til innlegget. Dessutan vert det 10 min. for
                     diskusjon.

April 2021:     Attendemelding om godkjenning av innlegg

April 2021:     Andre utsending med nærare konferanseinformasjon

15.05–30.05:     Påmelding til konferansen og betaling av konferanseavgift

August 2021:     Utsending av program til alle som har meldt seg på

Arrangørar

Universitetet i Bergen, ved Fagrådet for Språksamlingane, og Språkrådet.

Kontaktpersonar

Peder Gammeltoft: peder.gammeltoft@uib.no

Randi Neteland: randi.neteland@uib.no

Tema

Tittelen på konferansen, Stadnamn – språk, historie og landskap. Namnevitskapen i går, i dag, i morgon, signaliserer dei faglege temaa som vert tekne opp. Innom desse temaa er det rom for ulike emne, tilnærmingar og synsvinklar. Konferansespråket er skandinavisk, men innlegg på engelsk vert òg aksepterte. Konferansen har fire tema (also in English):

Innsamling av stadnamn

Keynote: Alexandra Petrulevich, Sverige: Ortnamnssamlingar som digital forskningsinfrastruktur: vad ska humanisten med digitalt skapade historiska namnmaterial till?
https://katalog.uu.se/profile/?id=N7-1207

Hovudvekt på innsamling i eit breitt perspektiv med omsyn til kva som er samla inn, kva som vert samla og kva det er behov for å samla inn – i eit fortidig, notidig og framtidig perspektiv. Kva som er målet med ny og framtidig stadnamninnsamling, og korleis driva stadnamninnsamling. Ulike måtar for innsamlingsmetode (manuell, digital, kartfesting, geografisk område, transkripsjon, lydopptak av uttale og uttalevariasjon, osb.), bruk av historiske kjelder, bruk av skriftlege og munnlege kjelder (heimelsmenn), arkivering, arkivtilgang, arkivkompetanse og utveksling med andre arkiv. Utvikling av felles regional, nasjonal og internasjonal praksis.

 

Normering av stadnamn

Keynote: Aðalsteinn Hákonarson, Island: The Role of Naming Traditions in Place-Name Standardization in Iceland.
https://www.arnastofnun.is/is/stofnunin/starfsfolk/adalsteinn-hakonarson

Studium av normeringspraksisar og normeringsprinsipp, både offisiell og privat normering/skrivemåte. Gangen i normeringprosessar, aktørar i normeringsprosessar, lover og retningsliner for normering. Regionalt, nasjonalt og internasjonalt perspektiv. Målet med og funksjonen til normering. Historiske og synkrone prinsipp og retningsliner, etymologiske prinsipp, uttaleprinsipp, relasjonen til gjeldande rettskrivingsnormer. Munnlege og skriftlege kjelders rolle i normeringsprosessen. Normering av stadnamn versus normering av personnamn/slektsnamn. Praktiske, ideologiske, politiske og språklege omsyn. Stadnamn som kulturhistoriske monument og fornminne. Normeringsutval og komitéar. Høyring, klage, vedtak og iverksetjing.

 

Forsking på stadnamn

Keynote: Terhi Ainiala, Finland: Urbana orter, urbana betydelser - aspekter på namnbruk och variation.
https://www.helsinki.fi/en/helsinki-institute-of-urban-and-regional-studies/terhi-ainiala

Teoretiske og metodiske tilhøve og modellar. Namneteori og vitskapsteori. Aktuell og tradisjonell forsking. Strukturelle, grammatiske og sosioonomatiske analysar. Denotasjonsfunksjonar og identifikasjonsfunksjonar. Namnestruktur, namnetolking, etymologi. Namnekategoriar, namneklassifisering og namnetypar. Grunnord og utmerkingslekkar. Denotasjon. Tilhøvet til allmennlingvistikken. Bruk av ny teknologi og digitalisering i arbeidet med teoretiske og metodiske problemstillingar. Hypotesegenerering og hypotesetesting.

 

Framtida for stadnamngranskinga

Keynote: blir annonsert

Namnevitskapen i framtida: Behov og funksjon. Nye metodar og nye teoriar: Kva behov har vi, og kva for løysingar treng vi. Vidareføring og vidareutvikling av stadnamngranskinga som vitskapleg disiplin. Stadnamn og marknadskrefter. Stadnamn og maktteori (kritisk toponymi). Stadnamn og populisme. Status for etymologi og namnetolking. Namnebehov og normeringsbehov. Rekruttering og fagleg namnekompetanse. Undervisning og formidling. Styrking av namnegransking som akademisk disiplin. Arkivutvikling, arkivtilgang og arkivkompetanse. Samarbeid med nærliggjande fag (historie, arkeologi, filosofi, sosiologi, vitskapsteori). Samarbeidet med departement, Kartverket og Språkrådet. Samarbeidet med nasjonale, regionale og internasjonale organ. På kva måte vil stadnnamnegransking overleva? Finansiering og økonomisk sikring av namnevitskapen, namnekompetansen, namnerekrutteringa, namneformidlinga og namneforskinga. Det rurale versus det urbane. Det synkrone versus det diakrone. Auka namnegranskingas status.

The four themes of the conference

Place-name Collection

Main emphasis on collection of place-names in a broad perspective with regard to: what has been collected, what is being collected and what needs to be collected - in a past, current and future perspective. What is the goal of new and future place-name collection, and how to run place-name collection. Different methods of collection (manual, digital, mapping, geographical area, transcription, audio recording of pronunciation and pronunciation variation, etc.), use of historical sources, use of written and (local) oral sources, archiving, archive access, archival competence and inter-archival communication. Development of standard regional, national and international practices.

 

Standardization of place-names

Studies into standardization practices and standardization principles, including official and private standardization/written norms. Procedures in standardization processes, actors in standardization processes, regulations and guidelines for standardization. Regional, national and international perspectives. Goals and functions of standardization. Historical and synchronous principles and guidelines, etymological principles, pronunciation principles, the relation to current spelling norms. The role of oral and written sources in the standardization process. Standardization of place-names names versus personal names/ family names norms. Practical, ideological, political and linguistic considerations. Place-names as cultural-historical monuments and ancient monuments. Standardization committees and commissions. Consultation, appeal, decision and implementation.

 

Research on place-names

Theoretical and methodological practices and models. Name theory and theory of science. Current and traditional research. Structural, grammatical and socio-onomastic analyses. Denotation functions and identificatory functions. Name structure, name interpretation, etymology. Name categories, name classification and name types. Generic elements and specifics. Denotation. The connection to general linguistics. Use of new technology and digitization with theoretical and methodological issues. Hypothesis generation and hypothesis testing.

 

The future of place-name research

Onomastic science in the future: Needs and functions. New methods and new theories: What are the needs, and what solutions are needed. Continuation and development of toponymy as a scientific discipline. Place-names and market forces. Place-names and power structures (critical toponymy). Place-names and populism. Status of etymology and interpretation of place-names. Naming requirements and standardization requirements. Recruitment and professional onomastic competences. Teaching and dissemination. Strengthening the toponymy as an academic discipline. Archive development, archive access and archive competence. Collaboration with related subjects (history, archaeology, philosophy, sociology, theory of science). Collaboration with Ministries, Mapping Agencies and the Language Councils. Cooperation with national, regional and international bodies. In which way will toponymic research survive? Financial securing of the onomastic science, standardization competence, recruitment, dissemination and place-name research. Rural versus urban. Synchronic versus diachronic. Increase the status of toponymic research.