Meisterklasse med holbergprisvinnar Cass Sunstein: "What to do about human error"
The Holberg Prize has invited six Nordic PhD candidates to discuss the topic "What to do about Human Error" with Holberg Laureate Cass Sunstein in Bergen on 4 June.
Hovedinnhold
Cass R. Sunstein er Robert Walmsley University Professor ved Harvard University og direktør for Harvard Law School sitt program for åtferdsøkonomi og offentlig politikk. Sunstein er særskilt kjent blant anna for sitt arbeid med offentlig politikk, statsrett og demokratiteori, forvaltningsrett og risikoregulering. Forskinga hans har hatt stor innverknad på korleis vi forstår tilhøvet mellom forfatningsrett og det moderne statsapparatet. Frå 2009 til 2012 var han Administrator of the White House Office of Information and Regulatory Affairs under Barack Obama, og arbeidde med ei rekke reformar knytt til tryggingstiltak, luftkvalitet, borgerrettar, openheit i det offentlege, klimaendringar, økonomisk handlingsrom, helsepolitikk og fattigdomstiltak.
Til arrangementet vil kvar deltakar halde eit innlegg på 5 minutt relatert til hovudtemaet: "What to Do About Human Error". Deretter følgjer ein diskusjon mellom Sunstein og doktorgradsstipendiatane med utgangspunkt i innlegga og tekstane som er oppgitt under. Diskusjonen kjem til å føregå på engelsk.
Deltakarar:
Max Carlin, Lunds universitet – Offentlig rett
Esmaralda Colombo, University i Bergen – Klimarelatert juss
Matthijs Maas, Københavns Universitet – Juss
Valgerdur Solnes, University of Iceland; Københavns Universitet – Juss
Aksel Braanen Sterri, Universitet i Oslo – Filosofi
Jarno Olavi Touminen, University of Turku – Psykologi
Litteratur:
- Richard H. Thaler & Cass R. Sunstein, "Libertarian Paternalism Is Not an Oxymoron" (University of Chicago Public Law & Legal Theory Working Paper No. 43, 2003).
- Sunstein, Cass R., "Nudges That Fail" (SSRN, July 18, 2016).
- Conly, Sarah, "Paternalism, coercion and the unimportance of (some) liberties" (Behavioural Public Policy, 1(2), 207-218, 2016)
- Waldron, Jeremy, "It's All For Your Own Good" (New York Review of Books, 2014)
- Cornell, Nicholas "The Third Theory of Paternalism" (Michigan Law Review, 2015)
For meir informasjon om deltakarane og arrangementet, sjå dei engelske nettsidene.