Hjem
Universitetsdirektørens kontor
Holbergprisen

Kunngjering for Holbergprisen og Nils Klim-prisen 2021.

Følg med på direktesendinga kl. 15:00, fredag 5. mars for å få vite kven som blir årets Holbergprisvinnar og Nils Klim-prisvinnar.

Announcement of the 2021 Holberg Prize and Nils Klim Prize

Produsent:
Dragefjellet

Hovedinnhold

Rektor ved Universitetet i Bergen, Margareth Hagen, ynskjer velkommen og styreleiar for Holbergprisen, Kjersti Fløttum, kunngjer årets prisvinnarar.

I løpet av sendinga vil vi òg få høyre grunngjevinga for valet av prisvinnarar frå dei to fagkomitéane, Nils Klim-komitéen og Holbergkomitéen.

Du kan sjå sendinga direkte på YouTube eller på holbergprisen.no.

Holbergprisen er ein internasjonal forskningspris som delast ut årvisst for framifrå forskningsbidrag innanfor human­iora, samfunnsvitenskap, juss eller teologi. Holbergstyret utnemner prisvinnar etter tilråding fra Holbergprisen sin fagkomité, som består av internasjonalt anerkjende forskarar innan fagfelta prisen dekkjer. Holbergprisen har ein verdi på 6 millinonar kroner og ble oppretta av Stortinget den 1. juli 2003.

Nils Klim-prisen delast ut årvisst til ein forsker frå Norden under 35 år, som har utmerka seg ved framifrå forskningsbidrag innanfor humaniora, samfunnsvitenskap, juss eller teologi. Holbergstyret utnemner prisvinnar etter tilråding frå Nils Klim-komitéen, som består av prominente nordiske forskarar innanfor relevante fagområde. Prisen har ein verdi på 500 000 norske kroner.