Hjem
Universitetshagene

Sitkagran, Picea sitchensis

Sitkagran har fått mykje merksemd fordi tette planteskogar og ukontrollert spreiing har endra det opne kystlandskapet på Vestlandet. I Arboretet har me nærast alle alderstrinn som synar oss både føremon som tømmertre og ulemper i naturskogen.

Forfattar måler ei av dei største sitkagranene i dalsøkket mot Mørkevågen....
Forfattar måler ei av dei største sitkagranene i dalsøkket mot Mørkevågen. Omkrets 205 cm i brysthøgd. Eldre bark løyser av frå stammen i store flak.
Foto/ill.:
Daniel Ducrocq

Hovedinnhold

Denne nå til dags omdiskuterte og delvis hata, stikkande og tette grana er blitt planta fleire stader både i tette skogteigar på god jord og som leplanting ute på Brandaneset nord i Arboretet.

Den eldste teigen som vart planta i 1928 i dalsøkket mellom Søre og Nore Mørkevågen, er no komen opp i riktig alder for å kunne gje eit lite inntrykk av kva dimensjonar sitkagrana verkeleg kan vise fram i heimlandet på Nordvestkysten av Amerika. Der vert sitkagrana opptil 700 år gamal, er godt over 90 meter, og er dermed det tredje høgastveksande treet i verda.

Våre eldste sitkagraner er no med sine ca 35 meter, de høgste trea i Arboretet. Men i Bergen finst det enda større tre. På Tippetue ved Fløyen står truleg den største sitkagrana i Noreg. Den er ca 46 meter høg og har eit rekna volum på over 25 kubikk, målt i 2011. Den er ca. 30 år eldre enn dei eldste i Arboretet. Men våre tre er langt større og eldre enn det som er vanleg på Vestlandet, fordi dei fleste sitkagranene i Hordaland vart planta på 1970-talet.  

Som tømmertre målt i kubikk og CO²-bindar er sitkagran overlegen andre grantre her langs kysten, berre den vert planta tett nok og ikkje tynna for tidleg. Den tette plantinga skygger naturleg nok ut all anna vegetasjon der grana er tenkt som rein produksjonsskog. I eldre teigar vert skogsbotn atter grøn av mose og småbusker slik me har døme på ved Mørkevågen.

Eit anna problem med sitkagran, er den rike frøsettinga allereie frå ung alder, slik at det lett gror opp tett med frøplanter på opne flater i nærleiken av teigen.  

Ser ein bort frå nytten som eit solid skjermtre mot vind og saltråk, får frittveksande sitkagran svært grove og harde sidegreiner. Når desse ein gong treng fjernast av ulike grunner, har tømmeret liten verdi både til material og som ved.

Sitkagran er det fremmande treslaget som er planta mest på kysten frå Rogaland til Troms. Dette pga. den store tilveksten i høve til andre treslag og at den tåler spesielt godt vind og saltråk. Mykje av tømmeret som til no har blitt hogget, går til produksjon av papirmasse. No er også plank godkjent til berande konstruksjonar, og den vert også eksportert til plateindustrien i Europa.

Ein naturleg kryssing mellom sitkagran og kvitgran (Picea glauca) har gitt opphav til lutsigran, også denne har blitt mykje planta.

Det blir ikkje lenger etablert store plantefelt med sitkagran utmed kysten. Ja, enkelte kommunar har tatt i bruk ekstra ressursar på hogst for å redusere dei tette plantingane som gir mykje skugge og endrar landskapet.

Meir informasjon om sitkagran kan du lese her i Artsdatabankens faktaark og i Sabima.