Hjem
Universitetsmuseet i Bergen

Kristendom i lovs form

Førstkommande onsdag, 9.november, er det siste føredraget denne hausten knytt til temautstillinga Fragment frå fortida. Det handlar om korleis dei nye kristenrettane i mellomalderen førte til ei gjennomgripande endring av kvardagen til norske kvinner og menn.

Kring 1024 vart det truleg halde eit ting på Moster i Sunnhordland, med store konsekvensar for innbyggjarane i dei norske landskapa. Kristendomen vart innført etter eit tingvedtak.

Kristenrettane

I åra som kom vart stadig fleire forbod og påbod fremja i regi av konge- og kyrkjemakt. Desse reglane er samla i dei norske kristenrettane, som er mellom dei eldste skriftlege kjeldene frå norsk mellomalder.

Gjennom føredraget  Kristendomen i lovs form vil post doktor Torgeir Landro syna korleis dette «sedskiftet» medførte ei gjennomgripande endring av kvardagen for norske kvinner og menn.»    

Fragment frå fortida er eit samarbeidsprosjekt ved Universitetet i Bergen mellom Senter for mellomalderstudiar (CMS)  og Universitetsmuseet i Bergen, og er ein del av universitetets si satsing på mellomlalderforsking.