Hjem
Universitetsmuseet i Bergen

Om ein skiferharpun i steinalderutstillinga

Ein sjeldan gång finn arkeologar heile, praktfulle gjenstandar som kan stillast ut utan nokon vidare forklåring, men oftast må ein nytte ulike teknikkar for å gjere gjenstandane forståelege for folk.

Vi stiller oss gjerne spørsmål om kva samanheng ein reiskapen eller eit våpen har hatt. Ei utfordring er korleis rekonstruere dette i ei museumsutstilling. Det er dette Ørjan Engedal tek opp i sin artikkel omkring den nye steinalderutstillinga som opna på Bergen Museum i mai 2008.

Artikkelen finn du i Årbok for Bergen Museum 2007 - 2008. Du kan laste ned både artikkelen og heile årboka her. Årbok for Bergen Museum kan kjøpast for kr 100,-  i nettbutikken , eller i museumsbutikken, som finst både i Dei kulturhistoriske og Dei naturhistoriske samlingane.