Hjem
Universitetsmuseet i Bergen

Arkeologar avdekker produksjonsstad frå tidlig vikingtid

Særs gode bevaringstilhøve gjer at arkeologar ved Bergen Museum no kan avdekke eit omfattande arkeologisk funn i Lærdal.

Funnet på Bjørkum fortel at her har det vore ein omfattande husflids- og handverksproduksjon i tidlig vikingtid. Førstkomande laurdag 10. oktober er lærdølar, sogningar og alle andre interessert inviterte til open dag og orientering om det  spanande funnet.

Her er det funn av mengder av beinmateriale, kvernsteinar og rester av tekstilar, vevlodd og spinnehjul som fortel at det  antakeleg har vore ein husflids- og handverksproduksjon av  mellom anna tekstilar, gjenstandar av bein, kammar  med meir. Her er avdekka rundt 30 ulike type hus, både meir permanente stolpehus og hus for ulike typar av produksjon.

Kam med runeinnskrift

Eit interessant funn er gjort av ein kam med følgjande runeinnskrift; " Øystein (eller mann austanfra) gjorde denne (kammen)"  Kammar hadde høg status i vikingtid og arbeidet med denne er utførd med kyndig hand. Runeinnskrifta  tyder og på at dette var gjort av ein handverkar og spesialist.  Kammen er mest sannsynleg frå 800-talet .

Førstkommande laurdag 10 oktober er det duka for open dag på Bjørkum i Lærdal. Her kan interesserte kome og få meir kunnskap om dette spanande funnet med omvisingar, orientering og framsyning av gjenstandar.

Dessutan kan du ta del  i ei rekke aktivitetar som antakeleg og har funne stad på Bjørkum i tidlig vikingtid; både jernbogeskyting,  produksjon av kammar og gjenstandar av bein  og matlaging på vikingvis. Her blir både  kokegroper, klebersteinskar teke i bruk og nystekt brød får du og, av korn malt med handkvern.

OPEN DAG  - PROGRAM

Tid:       laurdag 10. oktober , kl 1100 – 1500

Stad:   Bjørkum i Lærdal

  • Omvising
  • Framsyning av gjenstandar
  • Aktivitetar for born og vaksne:
  • Skyting med jernalderboge
  • Produksjon av kammar og gjenstandar av bein
  • Matlaging i vikingtid:i kokegrop, graut klebersteinskar,  maling av korn med handkvern, steiking av brød