Hjem
Universitetsmuseet i Bergen
Årbok for Universitetsmuseet 2015

Reinsdyrfangst, rein og klima på Hardangervidda

Lengst nord på Hardangervidda, i traktene aust for Hardangerjøkulen, ligg ei rekkje vatn. Bratte berg , store urdar og smale belte ved strendene formar ei naturleg sperre for villrein på trekk. Under sine sesongvise vandringar vart reinsdyrflokkane pressa inn i desse smale korridorane. Den som kjende dei lokale trekkvanane kunne her rekna med fangst.

Reinsdyr Hardangervidda
Reinsdyrflokk på snøfonn. På varme sumardagar er reinen plaga av insekt. Då søkjer dei opp på snøfenner der dei kan svala seg, og der insektsplaga er mindre.
Foto/ill.:
Svein Ulvund

Hovedinnhold

Veidemenn sette opp lange rekkjer av vardar eller andre stengsel  som leidde ned mot vatnet, her vart  det spent ut liner som hindra dyra i å koma seg bort. Dei rodde ut i båtar og drap dyra som låg på sum i vatnet og drog dei i land på Sumtangen.

Her finst det spor etter dei - ruinar av steinbuer og dyngjer med bein. Undersøkingar har vist at ved Finnsbergvatn, Store Krækkja og Ørteren har det på nokre få ti-år vorte slakta minst ti tusen dyr, i to periodar frå 200-talet til 500-talet e.Kr.f., og i høgmellomalderen, frå kring år 1050 til 1300.

Les meir om denne spanande historia av Svein Indrelid, Anne Karin Hufthammer og Atle Nesje i Årbok for Universitetsmuseet 2015. Du kan last  ho ned her eller kjøpe i årboka i museet sin nettbutikk.