Hjem
Utdanning

Elektronisk resultatoverføring med Emrex

Har du vore på utveksling i Sverige eller Finland kan du overføre resultata dine frå utvekslingsopphaldet elektronisk til UiB ved hjelp av Emrex, og slepp å vente på karakterutskrifta på papir.

Innhold

Emrex er eit nytt system for elektronisk overføring av resultater frå vertsinstitusjonen etter utvekslingsopphaldet. Studenten står sjølv for importen via Studentweb ved at han/ho logger seg inn på vertsinstitusjonen via Emrex-portalen og importerer resultata til Studentweb/FS. Overføring av resultat må gjerast medan ein fortsatt har Feide-tilgang og tilgang til vertsinstitusjonen sin studentportal. Framgangsmåte:

  1. Logg deg på Studentweb.
  2. Trykk på "Resultat" øvst på sida.
  3. Velg "Import av resultat frå utanlandsk institusjon" heilt nedst på sida.
  4. Velg aktuelt land.
  5. Trykk på "Gå til vald land".
  6. Velg institusjonen du studerte ved, logg inn i studentportalen der og følg instruksjonane for å overføre resultata via Emrex.

Land/institusjonar som så langt har tilslutta seg løysinga:

  • Norge: alle institusjoner
  • Finland: alle institusjoner
  • Sverige: alle institusjoner
  • Danmark: Technical University of Denmark, University of Copenhagen
  • Italia: University of Verona
  • Polen: University of Warsaw, Jagiellonian University in Kraków, Adam Mickiewicz University in Poznań, Nicolaus Copernicus University in Toruń, Maria Curie-Skłodowska University in Lublin, University of Opole, University of Bialystok.