Hjem
Utdanning

Kva er bachelor?

Å ta ein bachelorgrad brukar du vanlegvis tre år på. Du kan begynne på ein bachelor med fullført videregående skule.

Bachelorstudent på lesesalen
BACHELOR: På UiB kan bachelorstudenter ofte velge å sette sammen studiene slik at de får en kompetanse ingen andre har.
Foto/ill.:
Emil Breistein

Hovedinnhold

På Universitetet i Bergen (UiB) tilbyr vi rundt 75 ulike bachelor­program, innanfor alle fagområde.

Kva er bachelor?

  • Bachelorprogramma er som regel treårige.
  • Du kan søkje om opptak til bachelorstudium på grunnlag av fullført vidaregåande skole.
  • Ein bachelor gir deg god grunnleggande kjennskap til eitt eller fleire fagområde.
  • Består som oftast av 180 studiepoeng (Eit år med fulltidsstudium gir 60 studiepoeng).
  • Etter ein bachelorgrad kan du vanlegvis ta ein toårig master.
  • Du søker opptak til dei fleste bachelorane i Samordna opptak.

Korleis veljer eg?

    Ein bachelor gir deg god grunnleggande kjennskap til eitt eller fleire fagområde.

    Nokre av studieprogramma er fastlagde løp, men mange av ­dei har også eit heilt år «valfrie emne» der du sjølv ­avgjer kva du ønsker å lære meir om. 

      Du kan for eksempel ta økonomiemne i kunsthistorieutdanninga di om du vurderer ein karriere innanfor kultur­administrasjon.

      På denne måten kan du få en kompetanse ingen andre har.

      Dersom du har begynt på eit studieprogram, men finn ut at du ønsker å byte til noko anna, er intern overgang mogeleg på dei mange studieprogram.