Hjem

Utdanning

Klima, atmosfære- og havfysikk

Studiet for deg som er opptatt av klimaendringar

- Viss du har lyst til å forstå klimaendringane, eller ønsker å vere med på å utvikle fornybare energiressursar, er dette retninga å gå, seier student Henrik Auestad.

klima, atmosfære- og havfysikk

Bilde av student som tar bachelor i klima, atmosfære- og havfysikk
KLIMAENDRINGER: - Her lærer me å beskrive det som skjer i havet og atmosfæren og å rekne på kva som kjem til å skje.

Spørsmål knytt til ekstremvêr, fornybare energikjelder, hav og globale klimaendringar har knapt vore meir aktuelle enn dei er i dag.

Henrik studerer tredje og siste år på bachelorprogrammet i klima, atmosfære- og havfysikk, eit fag som går rett inn desse problemstillingane.

– Kor mykje våtare vil det bli i åra som kjem? Korleis har temperaturen auka? Kvifor oppfører havet seg slik det gjer? Her lærer me å beskrive det som skjer i havet og atmosfæren og å rekne på kva som kjem til å skje – korleis havet endrar seg, og korleis klimaet vil bli i åra som kjem, sier han.

Kva kan du bli?

Bakgrunnen for at han valde akkurat dette studiet, var ei stor interesse for matte og fysikk.

– Eg er veldig interessert i desse faga, og vêret og havet er den mest spennande måten eg kan bruke denne interessa på. Du treng ikkje ha toppkarakter i matte og fysikk for å gå her, men du må like faga og vere klar for å jobbe med dei.

Moglegheitene etter studiet er mange, og det er naturleg å halde fram på eit av masterprogramma, meiner han.

- Etter det kan ein for eksempel jobbe med vêrvarsling. Då kan ein jobbe i alle industriar som er avhengig av folk som kan melde vêr – og det er ganske mange. Viss noko må fiksast nede i ein sokkel på eit oljefelt, vil ein kunne seie når bølgene vil vere låge nok til at ein kan gå ned og gjere arbeidet, eller ein kan rekne ut dei beste rutene for tankskip, men tanke på korleis vêret på havet er og vil bli.

Utvikle nye fornybare energiressursar

Etter ein master, kan ein også gå vidare til å forske - for eksempel på klimaendringar eller vere med på å jobbe fram nye energiløysingar. 

Her har ein reelle moglegheiter til å vere med på å påverke, seier Henrik.

– Som hav- eller klimaforskar får du ei tyngde i samfunnsdebatten, som gjer at du kan vere med på å påverke avgjersler som blir tatt, i landet og kanskje til og med i verda.

– Ein kan også vere med på å utvikle nye energiløysingar, som ser ut til å vere absolutt nødvendig for eit grønt eller berekraftig samfunn. I utviklinga av ein vindmøllepark, vil ein for eksempel vere avhengig av å vite korleis vêrforholda er i området.

Godt studiemiljø

Klima, atmosfære- og havfysikk-studentane studerer ved Geofysisk institutt, eit miljø det er lett å komme inn i som ny student, seier Henrik.

– Det er eit lite og godt studiemiljø. Sidan me er så få, er alle studentane fadrar, og ein blir kjent med heile bachelortrinnet alt fyrste veka. Ein kjem lett i kontakt med alle studentane på både bachelor og master, sidan me oppheld oss i det same bygget.

Han trekker også fram det sterke forskingsmiljøet ved instituttet, som noko ein som student får nyte godt av.

– Ein studerer midt i eit stort forskingsmiljø med høg internasjonal status, og er tett på. Det finst mange prosjekt ein kan bli med på, og mange sosiale møteplassar der ein kan treffe folk. På fredagar samlast alle meteorologar og studentar som har lyst for å spå helgevêret. Det er elles mykje sosialt som skjer, alt frå fotballtreningar til smalahovudmiddagar, seier Henrik, som også har engasjert seg i fagutvalet ved instituttet.

– Mange moglegheiter

Sjølv har han enno ikkje bestemt seg for kva han vil gjere vidare.

– Eg ser det er mange moglegheiter. Sannsynlegvis vil eg ta ein master i meteorologi eller klimadynamikk. Då kan eg for eksempel jobbe med vêrvarsling, med å føresjå ekstremvêr, og med å formidle kva slags vêr me kan vente oss ut til folk.

Har du nokre råd å komme med til dei som vurderer dette studiet, men er usikre?

– Om du er glad i realfag, men er usikker på kva retning du vil gå, låser du deg ikkje fast ved å studere klima, atmosfære og havfysikk. Bachelorgraden inneheld ein solid bolk med matte og fysikk, som gjer det lett å omstille seg om du skulle finne ut at du vil gjere noko anna.