Hjem

Utdanning

Realfag

Slik er det å studere matematikk for industri og teknologi

– Samfunnet treng fleire matematikarar. Dette er brei utdanning som kan brukast innan svært mange fagfelt, seier student Hege Frøysa.

Studerer matematikk for industri og teknologi

Hege Frøysa forteller hvordan det er å studere matematikk for industri og teknologi
FRIDOM: – Me har stor fridom på matematikk for idustri og teknologi, og etter innføringsemna kan me velje den retninga me sjølv vil. Eg likte godt programmeringsbiten i første semester, så den har eg tenkt å plukke opp att no til våren. Den fridomen er gull.

– Då eg var ferdig på vidaregåande visste eg ikkje heilt kva eg ville gjere. Eg likte veldig godt matematikk, og tenkte på å velje ei ingeniørutdanning, men sidan eg ikkje visste heilt kva eg hadde lyst til å bli, valde eg heller denne retninga. No får eg eit breitt grunnlag, og kan finne ut kva eg tykkjer er interessant og ikkje før eg spesialiserer meg vidare, seier Hege Frøysa.

Ho studerer tredje semester på bachelorprogrammet i matematikk for industri og teknologi, eit studium der ein mellom anna lærer å arbeide med matematikk for å løyse framtidas utfordringar innan klimamodellering, medisinsk forsking, oljeutvinning eller grøn teknologi.

– Me har stor fridom på studiet, og etter innføringsemna kan me velje den retninga me sjølv vil. Eg likte godt programmeringsbiten i første semester, så den har eg tenkt å plukke opp att no til våren. Den fridomen er gull, seier Hege.

– Lurt å lese på skulen

Som ny student var ho spent på korleis det ville bli å starte opp ein ny plass der ho ikkje kjende nokon.

– Det var litt skummelt i starten då alt var heilt nytt, men eg fann raskt folk å sitte med på forelesingane og nokon å jobbe saman med. Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er veldig flinke til å ta imot nye studentar, for eksempel samlar dei alle nye under faddeveka på dagtid, så ein får snakke saman og bli kjent.

Ho trur det er lurt å bruke tid på skulen og vere fysisk til stades, heller enn å sitte heime og lese.

– Då blir ein kjent med andre. I begynnelsen kan ein kanskje føle at alle har nokon å vere med unntatt deg sjølv, men dei fleste kjem heilt åleine til studiet og kjenner ingen. Det er eit lite og bra studiemiljø, og folk her er veldig opne og interessert i å snakke med andre, seier ho.

Gir mange moglegheiter

I oppstarten av eit nytt studium, kan ein også møte litt motstand fordi faga er heilt nye, seier Hege.

– Det tek litt tid før ein kjem inn i studierytmen, men så oppdagar ein at ein begynner å få ting til. Ein får veldig god oppfølgjing på studiet. I kvart fag er det eigne timar der du kan få hjelp til oppgåver frå studentar som har komme lenger i faget, utanom dei ordinære forelesingane. Det er meir motiverande å jobbe når du har nokon du kan be om hjelp. Her har ein også moglegheita til å få ein relevant betalt deltidsjobb som gruppeleiar.

Korleis ser du for deg å bruke utdanninga når du skal ut i jobb?

– Planen er å ta ein master. Etter det får dei fleste jobb ganske greitt. Viss ein vel ein del statistikk og informatikk blir det sett stor pris på hos arbeidsgivarar, for det er nyttige fag. Akkurat no tenker eg det vil vere spennande å jobbe med klima eller fornybar energi.

Kva råd vil du gi til dei som vurderer å studere her, men som er usikre?

– Du treng ikkje vere best i klassen. Så lenge du tykkjer matte er interessant, så trur eg du kjem til å trivast. Viss du er litt usikker på retninga, så lukkar du heller ingen dører ved å begynne her. Du vel mykje sjølv kva retning du vil gå i, og kan lett ta med deg studiepoenga over på ein annan grad viss du vil det.