Hjem
Utdanning

7 grunnar til å ta master ved Universitetet i Bergen

Forsking i verdsklasse, bycampus og relevante studiar. Her er sju gode grunnar til å ta master ved Universitetet i Bergen.

Studenter utenfor Det juridiske fakultet.
Ta master ved UiB: Dei fleste mastergradene våre går over to år, men nokon er også bygd opp som femårige masterprogram. Her er mastergradstudentar utanfor Det juridiske fakultetet.
Foto/ill.:
Ingvild Festervoll Melien

Hovedinnhold

Å ta ein mastergrad er hardt og krevjande arbeid, men ifølge fleire undersøkingar lønnar det seg med tanke på framtida. Det syner at du er sjølvstendig, standhaftig, og evnar å gjennomføre eit større prosjekt. Alt dette er eigenskaper ein framtidig arbeidsgjevarar ser etter.

1. Raskare ut i relevant jobb med master

Nivå på graden du tar, påverkar sannsynet for å få relevant arbeid etter fullført utdanning. Kandidatundersøkelsen 2018 syner at heile 82 prosent av dei som fullførte master ved UiB var i fast relevant arbeid kort tid etter at dei var ferdig med utdanninga. Til samanlikning var det bare omkring halvparten av dei med bachelorgrad som var i relevant arbeid.

Nyutdanna med mastergrad har også høgare gjennomsnittslønn når dei kjem ut i arbeid, ifølge tal frå SSB.

2. Når du tar master kan du skreddarsy di eiga utdanning

Gjennom ein bachelorgrad tileignar du deg grunnleggande kunnskap i ditt valte fag. Ved å gå vidare på master, får du høve til å spesialisere deg i faget og opparbeide deg ein unik kompetanse, både gjennom valemner og masteroppgåva. Gjennom sjølvstendig forsking vil du utforske faget ditt frå fleire perspektiv og ved fullført mastergrad vil kjernekompetansen din komme tydelegare fram.  

3. Studer i hjartet av byen

Bergen er ein varm og inkluderande by, og universitetet ligg i gangavstand til det meste. Universitetet i Bergen er nemleg Noregs einaste byuniversitet!

Frå det meste av campus er det kort veg til uteliv, kafear, butikkar og fritidsaktivitetar. Og bur du på hybel i sentrum, treng du ikkje å tenke på buss, bil eller Bybanen. Det er berre å ta beina fatt til førelesning og lesesalar.

Les om det første møtet nokon av våre studentar hadde med universitetsbyen Bergen.

4. Førebu deg på eit digitalt samfunn

Det er ingen hemmelegheit at tida me lev i forandrar seg raskare enn nokon gong, og dette gjeld spesielt det digitale samfunnet. Det vert større krav om kreativ tenking, problemløysning, analyse og kritisk tenking.

UiB er i front når det gjeld utvikling av nye og avanserte løysningar. Både tilsette og studentar tar stadig i bruk nye administrative system og verktøy, og nye løysningar implementerast fortløpande.

Tar du master ved eit innovativt og digitalt leiande universitet som UiB vil du følge utviklinga med eit tett blikk, og bli førebudd på ein arbeidsmarknad i endring.

5. Nærleik til fagmiljøet

Fleire fagmiljø ved UiB vert av Forskningsrådet rekna blant dei leiande i verda, med framifrå forsking, høg produktivitet og stor grad av publisering i leiande tidsskrifter.

Som masterstudent kjem du tett på dei beste i fagfeltet ditt. Alle masterstudentar får eigne veiledarar som tilbyr tett fagleg oppfølging gjennom heile arbeidet med masteroppgåva. Du vil samtidig kunne bidra til fagmiljøet. Blant anna kan du ved fleire fakultet bli med i eigne forskingsgrupper.

Det er også muleg å få eigen fast lesesalsplass, kor du sit i same miljø som både forskarar og veiledarar. Dette er ein unik sjanse til å ta del i eit rikt og engasjerande læringsmiljø.

6. Bygg nettverk som masterstudent

Som del av eit masterprogram ved UiB vil du kunne bygge deg eit viktig og solid nettverk. I dei siste mastergradsåra får du høve til å bygge eit meir profesjonelt nettverk enn kva du kanskje får gjennom ein bachelorgrad. Du vil komme tettare på både medstudentar og tilsette ved universitetet, noko som gjer det enklare å «få ein fot innanfor» når du skal ut i arbeidslivet.

Nettverksbygging er avgjerande. Gjennom samarbeid og diskusjon på tvers av fagleg nivå, vil du utvikle din eigen kunnskap, ferdigheitene dine og ikkje minst din framtidige karriere.

7. Fagleg tyngde

UiB er anerkjend for å ha eit høgt fagleg nivå, og er blant dei beste lærestadene på landsbasis. Mange av forskingsmiljøa har status som sentre for framifrå forsking, ei utmerking Forskningsrådet bare gir dei beste forskingsmiljøa i Noreg. I tillegg til dette kan Universitetet i Bergen skimte med å vere Noregs mest siterte universitet. Dette kjem fram av den prestisjetunge QS-rankinga som av mange vert rekna som ein av dei tre store universitetsrangeringane.

Med ei mastergrad frå UiB vil du derfor bli assosiert med ein faglig tyngde få andre kan konkurrere mot. Det syner for arbeidsgjevar at du er klar for dei meir krevjande jobbane, og ønsker å bidra meir. Du vert betre rusta til å løyse krevjande oppgåver i arbeidslivet og samfunnet.