Hjem
Utdanning
Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Generell studiekompetanse er den vanlegaste måten å verte kvalifisert til grunnstudiar ved UiB.

Vanlege vegar til generell studiekompetanse

  • Fullført og bestått 3-årig vidaregåande skule
  • Yrkesfag med påbygging
  • 23/5-regelen
  • Høgare utdanning
  • Utanlandsk utdanning
  • International Baccalaureate (IB)

Les meir og sjå fleire måtar å få generell studiekompetanse på hos Samordna opptak.

Unntak frå kravet - Realkompetanse

Om du ikkje har generell studiekompetanse, men fyller 25 år eller meir i søknadsåret, kan du søkje opptak på grunnlag av realkompetansen din.

Kva er realkompetanse?

Realkompetanse er den kunnskapen og dei erfaringane ein har skaffa seg gjennom lønna arbeid, eller gjennom arbeid utan lønn. Realkompetansen kan òg komme frå utdanning eller organisasjonserfaring. Erfaringa må vere relevant for det studiet ein ønskjer å søkje opptak på.

Norsk- og engelskkunnskapar

Du må dokumentere kunnskapar i norsk og engelsk som er tilstrekkelige for det enkelte studium, normalt dokumentert med fag tatt i vidaregåande skule. Søkjarar kan òg dokumentere kunnskapar i norsk og engelsk på andre måtar.

Krav om praksis

Du må dokumentere minimum fem års fulltidspraksis, eller ein kombinasjon av praksis og utdanning. For søkjarar med særleg relevant praksis eller utdanning kan ein gjere unntak frå 5-årskravet. Søkjarar som ikkje har hatt høve til å gjennomføre praksis (til dømes på grunn av sjukdom eller liknande) kan søkje om unntak frå 5-årskravet. Du dokumenterer arbeidspraksis med attest der varigheita og omfanget (i timar per veke eller stillingsprosent) av arbeidet går fram.

Slik dokumenterer du realkompetansen din

  • Vitnemål og karakterutskriftar
  • Attest frå arbeids- og organisasjonsarbeid - må innehalde stillingsprosent, start- og sluttidspunkt
  • Eigne skriftlege arbeid
  • Ved søknad til det samordna opptaket: Eigenerklæring
  • Ved søknad om enkeltemne: Skjema med liste over aktuelle emne
  • Særskilde opptakskrav: Ver merksam på at realkompetansesøkjarar også må dekke særskilde opptakskrav. 

Søknadsfristar

  • I det samordna opptaket er søknadsfristen for realkompetansesøkjarar 1. mars. Meir informasjon finn du på nettsidene til Samordna opptak
  • Søkjarar til enkeltemneopptaket, må laste opp dokumentasjon på relevant realkompetanse og fylle ut eige skjema (pdf) innan 3. januar.

Unntak frå kravet - Dispensasjon

I heilt særskilde høve kan det gjerast unntak frå kravet om generell studiekompetanse for søkjarar under 25 år. Føresetnaden for at ein søknad om dispensasjon skal godkjennast er at søkjaren kan dokumentere at varig sjukdom, funksjonshemming eller liknande har gjort det umogleg å oppfylla alle krava til generell studiekompetanse.

Ver merksam på at dette er ei unntaksordning som ikkje gir ope tilgjenge til studium for alle som manglar generell studiekompetanse. Ordninga må ikkje forvekslast med søknad om særskild vurdering.