Hjem

Studentsider

Erasmus utveksling i Europa

Bli utvekslingsstudent og reis ut på ein av UiB sine erasmusavtalar med erasmusstipend! UiB har omlag 800 erasmusavtalar med 350 ulike universitet.

universite_libre_de_bruxelles_belgia.jpg

Det frie universitetet i Brussel

Erasmus+ er det største programmet for samarbeid innan utdanning i Europa. Erasmus+ blir finansiert av Den europeiske union (EU) og det er knytta ei eiga stipendordning til programmet.

Fordelar med Erasmus+-programmet:

  • Du får eit Erasmus-stipend på 410-460 Euro per månad
  • Du betalar ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet
  • Vertsuniversitetet hjelper deg ofte med å skaffe bustad
  • Mange universitet arrangerer eigne introduksjonsprogram for Erasmus-studentar

Søk opp eit europeisk land på UiBs avtalesider og finn ut kva lærestader du kan utveksle til gjennom Erasmus.

Korleis velge lærestad?

Kor mye kan du få i Erasmus-stipend

Frå studieåret 2018/19 er stipendet på anten 410 eller 460 Euro, avhengig av kostnadsnivået i landet:

  • 460 Euro til Danmark, Finland, Island, Irland, Liechtenstein, Luxembourg, Sverige og UK
  • 410 Euro til andre programland

Dette stipendet er finansiert av EU og kjem i tillegg til ev. stipend og lån frå Lånekassen.

Kva kan du studere ved dei ulike lærestadane

Erasmus+ avtalane er knytt til eitt eller fleire studieprogram og fagområde, og gjeld enkeltfag. Dersom det står "Humanistiske fag" på ein avtale, skal ein i utgangspunktet studere humanistiske fag ved vertsuniversitetet, og kan ikkje rekne med å studere språk eller fysikk der, sjølv om det hender at ein kan ta enkeltfag innen andre fagfelt. 

Om du skal ta frie studiepoeng i graden din, kan du likevel søke på eit anna studieprogram sine avtalar så lenge du skal studere det faget avtalen gjeld for. Men husk at dersom det blir konkurranse om plassane, vil instituttets eigne studentar bli prioriterte.

Du må ha gode nok språkkunnskapar

I Erasmus-avtalen står det kva for språknivå universiteta krev at studentar skal ha for å følgje undervisninga hos dei, anten i engelsk eller eit anna språk. Dei fleste universitet krev nivå B1 eller B2 frå CEFR (Common European Framework of Reference for Languages).

Fleire og fleire universitet i Europa har krav til dokumentasjon av språkkunnskapar for studentar som søkjer om opptak. Studenten må då stadfeste at ho/han har nok kunnskapar i språket til å kunne følgje undervisninga og avleggje eksamen på det språket undervisninga er på, om det er engelsk eller til dømes fransk, spansk eller tysk. Du vil få hjelp med dette i søknadsprosessen.

Alle studentar kan dra på Erasmus

I Erasmus+ kan studentar dra på Erasmus-utveksling inntil tolv månadar for kvart studienivå (bachelor, master og Ph.d.). Dette betyr at du kan dra på Erasmus+ utveksling først som del av ein bachelorgrad, og så på nytt som ein del av ein mastergrad eller på Ph.d. Går du på eit profesjonsstudium, kan du reise ut totalt 24 månadar i løpet av studiet.

Sjekkliste før utreise

Dette er ei sjekkliste for deg som allereie har fått opptak som Erasmus-student ved vertsuniversitet.

NB! Så snart du får opptak frå vertsuniversitetet, må du sende kopi av opptaksbrevet/e-posten til erasmus@uib.no 

For å få Erasmus-stipendet, må du:

  1. Signer stipendavtalen (grant agreement):
    • Kom til Internasjonalt Senter på Studentsenteret for å lese og signere stipendavtalen din frå 1. mai 2018.
    • Du må fylle ut kontonummer og polisenummer for forsikring/Europeisk helsekort, og sjekke at utreisedatoar stemmer.
  2. Lever signert Learning Agreement:
    • Kopi signert av alle tre partar sendast til Erasmus-koordinator, erasmus@uib.no
    • Alle Erasmus-studentar må fylle ut ein Learning Agreement eller læringsavtale, før dei drar på utveksling. Denne skal signerast av studenten, studieprogrammet/instituttet og vertsuniversitetet.
    • Du finn Learning Agreement her. Studentar skal sjølve fylle ut Learning Agreement, men dersom du manglar informasjon eller treng hjelp bør du kontakte studierettleiar eller vertsuniversitetet. Før utreise er det berre delen Before the mobility, som skal fyllast ut.
    • Dersom du ikkje får vertsuniversitetet sin signatur på Learning Agreement innan du reiser, kan du likevel levere ein kopi innan fristen slik at du får Erasmus-stipendet. Då må du ettersende Learning Agreement så snart vertsuniversitetet har signert og seinast ein månad etter semesterstart.
    • Online Learning Agreement: Dersom du brukar Online Learning Agreement (OLA) vert den signert digitalt av alle parter. Tilgang til skjema og informasjon finn du her. Du treng du ikkje sende kopi til Erasmus-koordinator.
  3. Ta OLS språktesten
    • For Erasmus-studentar som reiser ut på studie- eller praksisopphald er det obligatorisk å ta to språktestar. Alle Erasmus-studentar må ta ein språktest før dei reiser på utveksling, og deretter ein mot slutten av opphaldet. Målet er å måle språkleg utbytte i tillegg til fagleg utbytte av eit utvekslingsopphald.
    • Studentar som skal ha undervisning på skandinavisk treng ikkje å ta testen. Morsmålsbrukarar kan be om fritak frå testen.
    • Du vil få ein e-post med informasjon før du tar testen, og du finn meir informasjon på nettsidane til Online Linguistic Support.
    • Vi får automatisk melding om resultatet av testen, så du treng ikkje sende det til oss.
  4. Les Erasmus Studentcharter

Fristar

Frist for å levere signert stipendavtale, Learning Agreement og ta språktesten:

  • Haustsemesteret: 30. august
  • Vårsemesteret: 30. januar

Dersom du leverer signert Learning Agreement etter fristen, vil du få stipendutbetalingen seinare.

Utbetaling av stipend

Du vil få omlag 70% av stipendet i slutten av september (for utveksling i haustsemesteret) eller februar (for utveksling i vårsemesteret) dersom du har levert dokumenta og tatt språktesten innan fristen. Erasmus-stipendet er skattefritt og kjem i tillegg til ev. lån og stipend frå Lånekassen.

Generelle råd for utvekslingsstudentar

Sjekk at du også har gjort alt som står på den generelle nettsida for utveksling, som å søke om forhåndsgodkjenning, semesterregistrere deg, samt å teikne forsikring og skaffe Europeisk helsetrygdkort. Du må også lese beredskapsbrosjyra.

Lengde på opphaldet og trekk

Confirmation of Erasmus Period

Opphaldet må vare frå tre til tolv månader og at det skal dokumenterast ved Confirmation of Erasmus Period.

Startdato kan vere fyrste undervisningsdag, men det kan også vere eit informasjons- eller velkomstmøte ol. Det kan likevel ikkje vere opphald på meir enn nokre få dagar mellom eit slikt møte eller arrangement og oppstart av undervisninga.

Sluttdato er siste dagen studenten må vere til stades, på undervisning eller eksamen. Den totale perioden må minimum vere på 90 dagar dersom det skal kvalifisere til Erasmus-stipend for studiar, med mindre vertsuniversitetet har ein trimesterordning med kortare semester.

Trekk

Studentar som trekker seg må betale tilbake heile Erasmus-stipendet dersom opphaldet har vart mindre enn 3 månader.

Dersom utvekslingsopphaldet har vart meir enn 3 månadar når du trekkjer deg, må du berre betale tilbake stipendet for den tida som står att av utvekslingsopphaldet.

Dersom du vert sjuk eller må avbryte Erasmus-opphaldet av andre gode grunnar, kan du søke Erasmus-koordinator om fritak frå å betale tilbake heile eller deler av stipendet. Legeattest må leggast ved ein slik søknad. Ta kontakt på erasmus@uib.no 

På veg heimover

Dette er ei sjekkliste for deg som er på Erasmus-utveksling. Før du kjem heim, må du:

  1. Få dokumentasjon på utvekslingsopphaldet: Vertsuniversitetet må bekrefte datoane du har vore på utveksling ved å fyll ut og signere Confirmation of Erasmus Period. Det er desse datoane som bestemmer størrelsen på stipendet og kor mykje du vil få utbetalt i etterkant av opphaldet. Normalt er det rundt 30%, men om utvekslingsopphaldet har vore kortare eller lengre enn berekna, blir utbetalinga justert.
  2. Ta den andre språktesten: Mot slutten av opphaldet vil du motta en ny språktest på din student e-postadresse. Dersom du fekk C2 på den første testen treng du ikkje ta den på nytt.
  3. Svare på rapporten frå EU-kommisjonen: Når utvekslingsopphaldet er over til du automatisk få tilsendt en e-post til din student e-postadresse frå EU-kommisjonen med lenke til en rapport/spørjeskjema som du må fylle ut og sende inn.
  4. Sluttutbetaling: Når du har fullført desse punkta i vil du få utbetalt resten av stipendet.

Fristar

Frist for å levere Confirmation, svare på rapporten og ta den andre språktesten dersom det gjeld deg:

  • For deg som har vore ute i haustsemesteret: 30. januar
  • For deg som har vore ute i vårsemesteret eller heilt år: 30. august

Dersom du gjer dette innan fristen, vil du få resten av stipendet i slutten av februar (ute om hausten) eller slutten av september (ute om våren/heilt år). Dersom du gjer noko av dette etter fristen, vil du få stipendutbetalingen seinare.

Sjekk også at du har gjort det som står på den generelle nettsida for utveksling, som å levere rapport til UiB og søke om endelig godkjenning.

Erasmus+ praksisopphald

Erasmus praksisopphald er ei form for utveksling der du kan arbeide eller få opplæring i ein organisasjon, institusjon eller bedrift. Praksisopphaldet må vare mellom to og tolv månader.

Denne utvekslinga skal på same måte som studieutveksling inngå i eit gradsstudium, anten som erstatning for obligatoriske emne eller som frie studiepoeng. Du vil få eit Erasmus-stipend på 510 eller 560 Euro per månad, avhengig av kostnadsnivået i landet (560 € til Danmark, Finland, Island, Irland, Liechtenstein, Luxembourg, Sverige og UK – 510€ til andre programland).

På Erasmus praksisopphald må du ha ein Training Agreement. Denne skal signerast av studenten, ein representant frå instituttet ved UiB (som oftast studierettleiar) og arbeidsplassen. Avtalen skal sikre at praksisopphaldet vil bli godkjent som ein del av studieprogrammet ved UiB. Du finn Training Agreement her.

Erasmus etter endt grad

Det er også mogeleg å reise på Erasmus+ praksisopphald etter avslutta grad.  Praksisopphaldet må avtalast og praksisavtalen signerast medan du er gradsstudent, men sjølve praksisopphaldet kan gjennomførast innan 12 måneder etter at graden er avslutta. Då gjeld samme reglar som for vanleg praksisopphald, men det er ikkje krav om at opphaldet skal inngå i graden. Det er eit tak på 12 månaders Erasmus-utveksling per gradsnivå, så dersom du allereie har vore på Erasmus-opphald på graden du avslutter, er det begrensa kva antall månader du kan få praksisstipend for.

Med få unntak har ikkje institutta på UiB avtalar med eksterne partnarar om å sende studentane sine ut på Erasmus praksisopphald. Det betyr at studenten sjølv må finne ein bedrift/organisasjon/institusjon for å gjennomføre praksisen, og søkje instituttet/fakultetet om å få praksisen godkjent som ein del av graden.

Korleis søke 

Vi har to fristar kvart år for å søke om Erasmus+ praksisopphald og stipend: 1. juni for praksisopphald i haustsemesteret og 1. desember for praksisopphald i vårsemesteret. Søknaden må vere ein utfylt Training Agreement, og studieprogrammet/instituttet må signere på avtalen og slik bekrefte at dei førehandsgodkjenner praksisopphaldet. Søknaden sendes erasmus@uib.no. Studentar som søkjer om eit praksisopphald som skal inngå i ein grad, vil bli prioriterte dersom vi får mange søkjarar. Vi vil behandle søknadar som kjem etter fristen dersom det er meir stipendmidlar tilgjengeleg.Du kan mellom anna søkje etter praksisplassar på desse sidene: www.erasmusintern.org (som drives av organisasjonen Erasmus Student Network, ESN) eller www.iaeste.no (The International Association for the Exchange of Students for Technical Experience). 

Behov for spesiell tilrettelegging

Studentar med nedsett funksjonsevne eller kroniske sjukdommar har ofte ikkje same mogelegheiter som andre til å delta i utvekslingsaktiviteter.

Alle utdanningsinstitusjonar som deltar i Erasmus+ har forplikta seg til å leggje til rette for personer med spesielle behov eller som har ei funksjonsnedsetting.

Slik har EU definert ein person med behov for tilrettelegging: «a person with special needs; a potential participant whose individual physical, mental or health-related situation is such that his/her participation in the mobility action would not be possible without extra financial support».

Ta kontakt med studierettleiar eller Erasmuskoordinator dersom du tenkjer at dette kan gjelde deg. Då kan vi ved UiB søkje om ekstra midlar frå SIU som kan dekkje dokumenterte ekstrautgiftar knytta til utveksling. Behovet må dokumenterast gjennom legeerklæring eller lignande.