Hjem
Utdanning

Klage på avslag etter søknad om opptak

Fekk du avslag på søknad om opptak til studium ved UiB, har du etter forvaltningslova rett til å klage på dette vedtaket.

Saksgangen

Fristen for å be om ei grunngjeving for avslaget er 3 veker etter at du mottok avslaget, sjå § 29 i forvaltningslova

  • Du kan be om grunngjeving fram til tre veker etter at du fekk avslaget.
  • Om det er gjort feil hos sakshandsamar, vil feilen bli retta opp slik at du får eit eventuelt tilbod du skulle hatt i suppleringsopptaket. Sjølv om det er gjort feil i sakshandsaminga, må du framleis nå opp i rangeringa om studieplass
  • Om du framleis ikkje er einig i avgjersla etter å ha fått grunngjevinga frå UiB, kan du klage på vedtaket innan tre veker frå du mottok grunngjevinga. Klagen skal vere velgrunna og du skal argumentere for synet ditt.
  • Klagesaken blir førebudd ved UiB og oversendt rette klageinstansen med alle vedlegg i saka.
  • Får du medhold i ei klagesak, vil vedtaket bli gjort om og du får eit tilbod om studieplass om alle vilkår elles er tilstades. 

Klagenemnder

Nasjonal klagenemnd

Samordna opptak har sekretærfunksjon for Nasjonal klagenemnd og felles klagenemnd.

Lærestaden som var sakshandsamar for deg i opptaket vil først gje ei grunngjeving for vedtaket, og eventuelt førebu ei klagesak før denne blir sendt til Nasjonal klagenemnd. 

Kontakt oss om du ønskjer ei grunngjeving for vedtaket. 

Den sentrale klagenemnda ved UiB

Om du ønskjer å klage på vedtak som er gjort i lokale opptak, eller på søknad om vurdering av realkompetanse i det samordna opptaket, skal klagen til Den sentrale klagenemnda ved UiB.

Sakshandsamar i opptaket vil gje ei grunngjeving for vedtaket og eventuelt førebu ei klagesak før denne blir sendt til den sentrale klagenemnda. 

Kontakt oss om du ønskjer ei grunngjeving for vedtaket. 

Kontaktinformasjon

For søkjarar i det samordna opptaket: opptak@uib.no 

For søkjarar til masteropptak: master@uib.no

Postadresse: Universitetet i Bergen, Opptak, Postboks 7850, 5020 Bergen