Hjem

Utdanning

Kjemi: Kjemisk breidd

– Vi er blant anna på laboratoriet og lærer av å prøve oss fram. På ein del kurs lærer vi mykje av å gjere feil, men då har vi med oss nokre doktorgradsstudentar som passar på, forsikrar han.

– Eg har alltid vore nysgjerrig på korleis ting heng saman og eg likar det logiske ved realfag.

Tekst: Brita Marie Servan

– I løpet av dei første åra får vi ei innføring i både matte, filosofi, fysikk, molekylærbiologi og kjemi. Ein kan så velje å gå vidare innan fleire ulike spesialiseringar, der bruken av matematikk varierer.

Retta mot petroleumsbransjen
Sjølv har han valt å spesialisere seg innan nanopartiklar og kolloidkjemi. Han har dessutan tatt geologi og har derfor ein brei kompetanse. Korleis han skal bruke dette har han ikkje heilt bestemt seg for enno.

– Kanskje eg vil gå vidare med forsking, men eg har òg tenkt på, og allereie søkt på stillingar som ingeniør i, ­oljebransjen. Dei har eit behov for folk med kompetanse i kjemi og for realistar med stor breidd.

Tom fortel at dei brukar kjemi innan mange ulike felt: miljø, legemiddel- og matvareindustrien, og for eksempel ­foredling av aluminium innan kjemisk industri.

Det sosiale aukar det faglege
– Eg likar kjemi enno betre på Universitetet enn i den vidare­gåande skolen, mykje på grunn av fridommen ein har og ansvaret for eiga læring. I tillegg til laboratoriums­øvingar og sjølvstudium, har vi førelesingar og seminar.

På førelesing er det forskarar på faget som underviser, mens på seminar er det ofte masterstudentar som leiar diskusjonar. Tom seier at det kan vere enklare og ikkje så skummelt å stille spørsmål til ein medstudent som til ein professor. Seminar og kollokviar er altså gode arenaer for læring.

– Om det sosiale stemmer, så er det også kjekkare å komme på universitetet kvar dag. Eg og vennene mine finn oss ofte eit ledig rom og arbeider saman med oppgåver og pensum.

Vi ser at dei som blir med på sosiale arrangement har større sjanse for å fortsette på studiet. Eg vil derfor oppmode alle å bli med på fadderveka.
Fadderveka blir arrangert ved studiestart kvart år. Her får nye studentar møte kvarandre og eldre studentar som kan visa dei rundt på universitetet og i Bergen. Tom fortel at dette er ein god måte å bli kjent med mange nye folk på.

Sentralt, men trygt

– Noko av det eg likar med Bergen er at det er så korte ­avstandar. Før måtte eg ta buss i ein time for å komme meg til skolen, men no går eg hit på fire minutt. Det er òg kort veg til treningstilbod.

– Dessutan ligg kaféar og barar tett i tett. Og sjølv om det er ein storby, så kjennest det alltid roleg og trygt i gatene. Ein møter mykje bra folk. Eg trur det må vere fordi det er så mange studentar som bur her, smiler Tom.