Hjem
Utdanning

Nordisk: Godt sagt

– Eg synest det er spennande å lære om korleis vi kommuniserer. Ein blir meir bevisst på at det vi meiner når vi seier noko, ikkje nødvendigvis blir forstått slik av andre.

– Å vere god til å formulere seg tydeleg er viktig i alle delar av livet.

Tekst: Brita Marie Servan

Thea arbeider med språkbruk i masteroppgåva si i nordisk. Ho fokuserer på korleis regjeringa formulerer seg i presse­meldingar. Korleis vi ordlegg oss er noko ho har vore ­interessert i lenge.

– Å bli informasjonsarbeidar har bokstaveleg talt vore ein draum for meg. Ei natt drøymde eg at eg jobba for Petter Nortug. Eg fortalde han kva han burde og ikkje burde seie til media. Då eg vakna, tenkte eg: Det er jo nettopp det eg vil jobbe med!

Kulturarven vår
Thea fortel at dei i byrjinga av studiet lærte mykje om dei nordiske språka og litteraturen, med eit særleg fokus på den norske kulturen.

– Vi hadde eit meir overordna blikk og lærte om alt frå ­korleis vi formulerer ein setning til kva som ligg bak kva gatene våre heiter. Gjennom litteraturhistoria får vi innsikt i samfunnsutviklinga og vi lærer om korleis europeiske tendensar også har påverka vår kultur. I tid beveger vi oss frå runeskrift til den heilt ferske litteraturen og språkbruken.

– Dette er kulturarven vår, og det pregar måten vi tenker på, understrekar Thea.
Studert fleire fag

Dei fleste studia i humanistiske fag opnar for at du kan studere andre fag i eit heilt år om du vil. Thea har for ­eksempel tatt emne i engelsk, psykologi og praktisk informasjons­arbeid. Slik har ho fått ein heilt unik kompetanse som ho får nytte av no og i framtida.

– Det er mange som kombinerer språkstudiar med praktisk­ informasjonsarbeid. Då lærte vi om korleis vi brukar språket i arbeidslivet og hadde 75 timar i praksis. Eg fekk erfaring med å skrive både intervju, pressemeldingar og på nettsider. Det var kjekt å prøve seg i arbeid og å få eit meir yrkesretta nettverk, seier Thea.

Ho anbefaler alle å sette seg godt inn i kva emne ein kan ta og kva kombinasjonar som finst.

– Det er ei svært god investering for dei som skal søke. Det er også viktig å ikkje vere redd for å begynne på eit emne, det er alltid mogleg å bytte.

– Unn deg Bergen!

Å oppleve Bergen er noko alle burde unne seg, meiner Thea. Sjølv går ho både i teateret og i operaen.

- Dei har svært gode studentprisar, og teateret har gode oppsettingar av blant anna Shakespeare og Ibsen. For oss som studerar språk og kunst er dette både ei flott oppleving og eit fagleg drypp.