Hjem
Utdanning

Lærar i naturfag

– Eg har alltid hatt lyst å bli lærar,det er noko eg interesserar meg veldig for. No får eg gjere det i kombinasjon med å studere dei faga eg er mest interessert i,fortel Mildrid.

Hovedinnhold

- Eg gler meg veldig til praksisen. Den er heilt nødvendig for å bli utdanna som lærar.

Mildrid har valt å fordjupe seg i faga matematikk og naturfag. For å undervise i naturfag må ho også studere fysikk.
– Utdanninga gir meg ein brei faglig bakgrunn. Som lærar kan eg jobbe både i vidaregåande skule og på ungdomstrinnet etter fullført utdanning, opplysar Mildrid.

Lærer å lære i frå seg

Delar av studieprogrammet til Mildrid er bygd opp av pedagogiske fag.
– Desse faga tek eg samtidig som eg fordjupar meg i matematikk og naturfag. Derfor er eg heile tida medviten på at det eg lærer, skal eg lære i frå meg igjen, seier Mildrid.
Gjennom pedagogikkstudiet lærar ho om det å vere både student og elev, noko ho også kan få bruk for i sin eigen studiesituasjon.

Praksis gjennom studiet

Mildrid har vore ute på skolebesøk i klassemiljø for å observere læring og analysera ulike delar av læringsstrategiane ved skolane. I løpet av det fjerde semesteret skal studentane igjen ut i skolane, der dei skal ha praksis som lærar.
– Det gler eg meg veldig til. Praksis er heilt nødvendig for å bli utdanna som lærar, meiner Mildrid.
Etter ein slik praksisperiode skal studentane evaluere arbeidet sitt. Studiet integrerar også ein mastergrad.
– Masteroppgåva blir gjennomført på eit halvt år, i løpet av eit semester i det femte studieåret, fortel ho.

Deltidsjobb som lærar

Kvardagen styrer Mildrid i stor grad sjølv.
– Studiekvardagen er lagt opp til at ein i stor grad driv med eigestudium, så det er viktig å vere strukturert, fortel ho.

Studina likar å bytte mellom å jobbe heime og på skolen.
I løpet av veka jobbar Mildrid ein dag som lærarvikar, noko ho synest er kjekt og inspirerande.
– Når eg står så fritt i studietida kan eg velje å bruke ein dag til å arbeide, seier ho.

Sjølv om ein dag går bort til lærarjobb, forsøkjer ho å jobbe det inn igjen når høvet byr seg.
– Skal ein kome gjennom heile pensumet på ein god måte, bør ein jobbe jamt og trutt gjennom heile semesteret, meiner Mildrid.

Nøgd med studiet

– Studiet har stått til forventingane. Eg er svært nøgd med opplegget slik det er, seier Mildrid. Ho er ein av om lag ti elevar i eit lite klassemiljø.
– Vi blir samansveisa, og det er veldig kjekt at vi er få. Samtidig har vi mange av faga saman med studentar på andre studieretningar, så i tillegg omgås vi mange andre studentar med same faginteresser, seier ho.