Hjem
Utdanning

Når kjemien stemmer

Christer Andersen har visst lenge at han skulle studere kjemi. Når han er ferdig med studiet, vi han aller helst starte for seg sjølv.

- Det beste med studiet er kanskje samhaldet mellom alle som studerar her. Vi trekkjer kvarandre og har eit flott fellesskap, slik at det er kjekt å komme på skulen! Det synes eg er viktig.

Christer (22) går tredje året på bachelorprogrammet i kjemi, og trivst godt på studiet ved Matematisk-Naturvitskapleg fakultet. Til neste år skal han ta master i fysikalsk kjemi. 

Interesse for realfag
- Realfag har alltid interessert meg. På ungdomsskolen hadde eg inspirerende lærarar, og etter å ha gått på yrkesfagleg kjemilinje på videregående var valet klart, seier Christer.

Han er glad i faget fordi det er utfordrande og lærer studentane å forstå daglegdagse prosessar. I tillegg til kjemi har studentene ein del matematikk og fysikk i løpet av studiet. Etter kjemistudiet har Christer mest lyst til å starte opp noko for seg sjølv, saman med ein ven frå klassa.

- Det er ei stor utfordring å starte for seg sjølv innan naturvitskap, men på UiB er dei veldig flinke til å rettleie og hjelpe oss. Nokre av professorane har gjort liknande ting sjølv, og gir oss gode råd og tips, seier han.

Kjemistudenten legg til at moglegheitene for ein god og utfordrende jobb uansett er store etter fullført utdanning. Christer sin plan b er å jobbe i petroleumsbransjen.

Fin studiekvardag

Avhengig av kva fag studentene tek, veksler arbeidet mellom teori og labarbeid.

- Studiet er lagt opp slik at vi har 2-4 timar i veka med undervisning, og ellers bruker eg ein del tid både på lesesalen. Det er ein del å lese, men det går helt fint om ein fordelar det utover semesteret, seier Christer.

Han vil anbefale studiet for alle som er interessert i realfag. Sjølv tok han eit halvt års realfagsforkurs på høgskolen, før han begynte på bachelorgraden sin.

- Forkurset kan anbefalast! I alle fall om du mangler nokre av faga, då er det ein mykje betre måte å oppdatere seg på enn å melde seg opp som privatist, seier Christer.

Samhald i studentbyen
Men det er ikkje berre det faglege som tel når ein er student. Like viktig er det å kome inn i et positivt og spanande studiemiljø.

- Det beste ved studiet er kanskje samhaldet mellom alle som studerar. Vi dreg kvarandre og har eit flott fellesskap, slik at det er kjekt å kome på skulen! Det synes eg er viktig, seier Christer.

Han understrekar kor viktig studentorganisasjonene er for livet på skulen, og oppfordrer nye studentar til å delta.

- Fagutvalet vårt drar i gang arrangement som fester, kino og turar. Slike arrangement er eit supert høve til å bli kjend med andre enn dei du går i klasse med også!

Kvifor Christer valte å studere i Bergen, er han ikkje helt sikker på. Men med unntak av utveksling til Spania, vil han fortsette studiene sine mellom dei sju fjell.

- Eg er frå Bergen, og høyrte frå bekjente at studentmiljøet her var bra. Derfor begynte eg å studere her, og det har eg aldri angra på!