Hjem
Utdanning

Pedagogikk: Breiddeblikk på læring

– Veldig mange forventar at vi som studerer pedagogikk nødvendigvis kjem til å bli lærarar, men det stemmer ikkje. Lærings­prosessar finn ein over alt i samfunnet, ikkje berre i klasserommet.

Hovedinnhold

Læringsprosessar finn ein over alt i samfunnet, ikkje berre i klasserommet.

Pedagogikk er eit fleirfasettert studium, forklarer Oda Bergum. – Vi lærer både om filosofiske grunnproblem for pedagogikken, om kommunikasjon og formidling, psykologiske perspektiv, kunnskapsteori og ikkje minst også om korleis sosiale forhold og maktstrukturar påverkar korleis vi lærer. Dette kritiske perspektivet synest eg er veldig spennande. Eit anna tema eg har blitt stadig meir interessert i undervegs er korleis pedagogikk og ulike læringsprosessar har relevans innanfor arbeids- og organisasjonslivet.

Teksten som gjorde utslaget
– Rett etter vidaregåande hadde eg ikkje heilt klart for meg kva eg ville bli. Eg flytta til Bergen og tok eit årsstudium i interkulturell forståing på NLA Høgskolen. Det var ein av tekstane vi hadde på pensum der, av den brasilianske pedagogen Paulo Freire, som opna auga mine for den kritiske pedagogikken. Denne eine teksten oppsummerte alt eg interesserte meg for fagleg på den tida. Fokuset på marginaliserte grupper i samfunnet, utdanningsperspektivet, maktperspektivet, ja kort sagt alt! Etter å ha lest den bestemte eg meg for å studere pedagogikk.

 

Undervisning og studiemiljø
Universitetet legg opp til sjølvstendig læring, der ein kombinasjon av forelesingar og seminargrupper leidde av studentar på høgare nivå utgjer kjernen i undervisninga. Det varierer til gjengjeld kva arbeidskrav og eksamensformer det er lagt opp til frå emne til emne. 

På pedagogikkstudiet arbeider ein mykje med mappevurdering, fortel Oda. – Dette er ein veldig god måte å lære på fordi du då heile vegen har full kontroll på ditt eige produkt og kva det er du kjem til å bli vurdert på. Mappevurdering er noko heilt anna enn ein klassisk skuleeksamen, som er meir «make it, or break it» i eit spenn på fire til seks timar.

– Pedagogisk institutt er relativt lite, noko som gjer at det er eit veldig godt samhald og sosialt studiemiljø på studiet. Vi har også god kontakt med forelesarane våre. Dei helsar på oss i gangane og er alltid imøtekommande om vi treng hjelp med noko. – Vi har også eit veldig aktivt fagutval, som arrangerer ulike festar og faglege samkomar gjennom semesteret.

Ein by med personlegdom
– Det var mest tilfeldigheitar som gjorde at eg enda opp i Bergen. Eg hadde aldri vore i byen før då eg flytta hit, men følte meg umiddelbart veldig heime. Det er noko med dei mange gamle bygningane, geografien rundt og den kompakte bykjernen som gir byen eit heilt tydeleg særpreg og personlegdom! I tillegg er det ein kjempefordel at avstandane er så korte. Du treffer stadig kjentfolk i gatene, og treng aldri å gå langt for treffe studievenner, finne kafear, treningssenter, konsertscener eller kva som helst anna.

Å tenke framover, men ta seg tid til livet
- Studietida går ekstremt fort. Eg trur det kan vere ein god idé som ny student å tidleg sette seg ned og planlegge korleis ein ønsker å bygge opp graden og kva det er ein ønsker å sitte att med til slutt. Samtidig er det også viktig å ta seg tid til å nyte den fridomen og fleksibiliteten studenttilværet byr på. Det er no du har sjansen til gå på konsert ein tysdagskveld eller engasjere deg frivillig i ei sak du brenn for. Det er verdt å prioritere!