Hjem
Utdanning

Psykologi: Mellom kropp og sjel

– På psykologi lærer vi om alt frå korleis følelsar påverkar hugseevna og kva ein personlegdom er, til korleis dei forskjellige nerve­strukturane i hjernen påverkar åtferda vår.

Hovedinnhold

– I eitt av faga eg tar dette semesteret, har vi ei digital ­labrotte! Det er veldig morosamt!

– Eg interesserer meg for mykje forskjellig og vurderte nesten heile studiekatalogen før eg fann ut kva eg ville studere, fortel Andrea. Eg kunne også hatt god lyst til å studere eit helse- eller samfunnsfag, men noko av det eg er mest fascinert av, er likevel menneskenaturen og kvifor vi tenker og gjer som vi gjer, derfor enda eg med å sette psykologi som førsteval. Foreløpig er eg veldig glad for at eg gjorde det. 

Hjernen er også ein kroppsdel
– Vi lærer om veldig mykje forskjellig. Berre det første året var vi innom ulike perspektiv på utvikling og læring, sosialpsykologi, personlegdomspsykologi og kognitiv psykologi, for å nemne noko. – Ein ting som overraska meg var at vi også hadde eit heilt emne med biologi heilt i byrjinga av studiet! Det var veldig uventa då, men no tenker eg det er innlysande at ein treng kjennskap til biologi og nevrovitskap for å forstå korleis psyken fungerer. Hjernen er jo trass alt også ein del av kroppen.

 

Læringsmetodar
Universitetet legg i stor grad opp til sjølvstendig læring, og studiekvardagen til Andrea består stort sett av ein kombinasjon av forelesingar, seminar og sjølvstudium, men også labøvingar på enkelte emne. 

– I eitt av faga eg tar dette semesteret, har vi ei digital ­labrotte! Det er veldig morosamt! Den fungerer om lag som ei vanleg labrotte, som vi må bruke tid på å forstå og lære opp gjennom øvingar og repetisjonar. Rotta gir oss ein sjanse til å teste ut noko av det vi lærer om på forelesingane i praksis. Det er alltid positivt.


Livet utanfor lesesalen
– Det var eigentleg ganske tilfeldig at eg landa i Bergen, men eg hadde to gode venner frå folkehøgskolen min som skulle flytte hit, så vi vart samde om å flytte saman. Eg kosar meg skikkeleg her! Det regnar litt av og til, men det gjer ikkje så mykje. Studentmiljøet er veldig bra, slår Andrea fast. 

Ho er også sjølv aktiv i studentmiljøet. Ho dansar swing og salsa, speler i korps og er med i Psykologirevyen. Det har blitt mange fleire menneske som er med i revyen dei siste åra, og dette er viktig for det sosiale miljøet på instituttet. Det skal bli ein knallbra revy, men vi har sagt heile vegen at det viktigaste er at vi har det kjekt undervegs.


Framtidsplanar
– Det er jo eit stykke opp og fram foreløpig, men eg tenker sterkt på kanskje å bli logoped. Det er kanskje ikkje det mest opplagte karrierevalet, men nesten alt eg lærer på studiet, er relevant for ein slik jobb. Både lærings- og utviklingspsykologi og denne koplinga mellom det fysiologiske og det psykiske. Eg trur det er kjempeviktig når ein skal jobbe på eit slikt felt å ikkje berre sjå på enkelte feil og utfordringar, men å sjå heile mennesket. Om eg ikkje blir logoped, så har eg i alle fall lyst til å peile meg nærare inn mot helsefremmande eller sosialt arbeid på masternivå. 

Generelt tenker eg at det er veldig mykje betre å fokusere på kva du er god til og kva du liker å halde på med når du skal velje studium, enn akkurat kva du jobb du kan få. Vegen blir til mens du går.