Teatervitskap: Med hjartet i teater og historie
Amanda Øiestad Nilsen valde teatervitskap med hjartet. Det har ho ikkje angra på.
Hovedinnhold
Teatervitskap spenner bredt. Ein prøver å sjå korleis teateret såg ut i antikken og studerer korleis det er i dag. Amanda synes det er spennande å sjå dei i forhold til kvarandre.
– Fagmiljøet er lite og godt, ein blir kjent med forelesarane og får god oppfølging, seier ho.
I løpet av studiet har Amanda hatt praksis på BiT Teatergarasjen. Teateret tok imot eit kompani frå Kambodsja som ho fekk ansvar for å følgje opp.
– Det var veldig interessant å oppleve asiatisk teater, det er ein heilt annan type teater enn vi er vane med.
– Vi dreg også på studieturar. Eg har vore med til Berlin to gongar der vi såg førestillingar kvar dag i ei veke.
Valde ut frå interesse
For Amanda var det ikkje vanskeleg å velje studium. Ho gjekk på dramalinja på vidaregåande, og har alltid vore interessert i teater og historie.
Studiet er allsidig og opnar for mange ulike jobbar. 22-åringen veit allereie kva ho har lyst å gjere.
– Eg trur det hadde vore gøy å jobbe som kulturrådgjevar i ein kommune, der eg kunne legge til rette for utøvande teater. I tillegg kunne eg tenkt meg å jobbe med teaterkritikk, for eksempel i ei avis.
Godt kulturtilbod i Bergen
Amanda har budd i Bergen i snart tre år, og trivst særs godt i byen mellom dei sju fjell.
– I Bergen er vi så heldige å ha Noregs største studentteater. Mange på studiet er aktive der, både på og bak scena.
Ho meiner at plasseringa av universitetet i sentrum er med på å bidra til det gode studentmiljøet i byen.
– Det er mange gode studentordningar her, det er ikkje berre universitetet som er opptatt av at du skal ha det bra mens du studerer.