Hjem

Utdanning

Dissekerer fisk

Sverre ville studere noko praktisk. På biologi får han blant anna lov til å dissekere fisk.

Det aller beste med biologien er det praktiske. For eksempel dissekering av fisk.

– Eg ville studere biologi fordi det var eit litt meir praktisk fag enn mange av dei andre realfaga. Eg likar å bevege på meg og gjere ulike ting, så derfor tenkte eg at eit praktisk fag som biologi ikkje var ein dum idé, seier han.

 

Fisk på innsida

Når Sverre skal liste opp det han meiner er best med å studere biologi, trekker han frem to ting: Det praktiske og forelesningane.

– Det aller beste med biologien er det praktiske. For eksempel dissekering av fisk. Det gir oss moglegheit til å sjå korleis ting er på innsida. Dessutan er forelesarane i faga veldig entusiastiske og gjer det til ei positiv oppleving å sete og høyre på. Rett og slett kjempebra, slår han fast.

20-åringen har kun studert i Bergen i knapt eit semester, men overgangen mellom vidaregåande og universitet har gått fint for bergenseren.

– Den største forskjellen mellom vidaregåande og universitetet er at du har enormt mykje meir fridom. Du kan legge opp ein eigen studieplan og gjere nesten kva du vil. Likevel har introduksjonsfaga som regel ein del obligatoriske innleveringar, som bidreg til at overgangen blir mjukare.

 

Mange moglegheiter

Biologimiljøet i Bergen er det største i Noreg. Det betyr at det er mange smaksprøver frå dei ulike greinene innanfor biologien ved UiB.

– Biologifaget er lagt opp veldig generelt det første halvåret. Vi lærer korleis ulike artar har oppstått og bakgrunnen for det heile. Biologifaget femnar breitt og ein kan gå mange vegar. Nett no har eg ingen drømmejobb som eg tenker på. Eg stiller meg heilt open for framtida.

Det er uansett notida som gjelder, og Sverre trivst godt med tilværet som biologistudent.

– Studiemiljøet på biologien er veldig godt og sosialt. Eg har fått mange nye vener her. Dei eg har blitt kjent med har eg treft gjennom kollokviegrupper og gjennom fadderuka.