Hjem
Utdanning

Kostnader ved eit utvekslingsopphald

Når ein planlegg for eit utvekslingsopphald må ein ta høgde for ein del utgifter ein som student i Noreg ikkje ville hatt.

Innhold

Studieavgift:
Her kjem det an på kva avtale ein reiser ut på. Studentar som reiser ut på ein Erasmus- eller Nordplus-avtale betaler ikkje studieavgift til vertsuniversitetet. Reiser ein ut på ein bilateral avtale vil ein i mange tilfelle måtte betale studieavgift, medan ein i nokre tilfelle kan få tilbod om ein friplass, altså ein plass utan studieavgift.

Lånekassen kan gje støtte til studieavgift. Les på Lånekassen sine nettsider om kor mykje du kan forvente å få.

Reise:
Lånekassen kan gje støtte til å dekke utgiftene du har til reise til og frå studiestaden. Les på Lånekassen sine nettsider om kor mykje du kan forvente å få.

Forsikring:
Er du heiltidsstudent ved eit universitet utanfor EU/EØS og er medlem av den norske folketrygda, har du rett til å få refundert utgifter til helsetenester.

I tillegg til dette anbefaler vi uansett alle studentar som reiser ut å kjøpe ei privat forsikring. Merk også at nokre land sine visummyndigheiter krev at studentar kjøper spesielt godkjente forsikringar.

Visum:
Skal du reise på utveksling til eit land utanfor EU/EØS, må du sannsynlegvis søke om studentvisum, og dette kostar pengar. Kontakt den aktuelle ambassaden og høyr kva det kostar for sjølve visumet. I tillegg må ein i nokre tilfelle møte personleg opp på ambassaden, noko som også fører med seg kostnader.