Hjem
Etter- og videreutdanning
Vidareutdanning for lærarar

Undervisning i kontroversielle tema

Korleis kan du som lærar handtere kontroversielle tema i historie- og religionsundervisning? Samlingsbasert deltidsstudium over ett år, neste kurs starter etter planen i januar 2022.

Nytt videreutdanningstildbud for lærere: Undervisning i kontroversielle tema. Historie og religion fagdidaktikk
Kva er det som gjer eit tema kontroversielt? Og korleis skal du som lærar handtere og legge opp undervisninga kring slike tema? Det er fokus i UiB sitt nye vidareutdanningstilbod i historie og religionsdidaktikk.

Hovedinnhold

Kva er det som gjer at nokre tema vert oppfatta som særleg kontroversielle? Bør ein til dømes kunne vise Muhammed-karikaturar, eller skal ein la det vere?

Er det rett å ta opp alle slike spørsmål, og korleis skal du som lærar i såfall legge opp undervisninga rundt slike tema? 

- Dette er krevjande situasjonar for lærarane, og mange vil trenge meir fagleg kompetanse for å bli trygge, seier professor i religionsvitskap Marie von der Lippe.

Ho har saman med kollegene Sissel UndheimSvein Ivar Angell og Christian Sæle utvikla eit deltidsstudium som tek for seg pedagogisk- og didaktisk tilnærming til slike komplekse spørsmål i historie-, religions- eller samfunnsfagundervisning. 

Kursinnhald

Deltidsstudiet HRDID600 Undervisning i kontroversielle tema rettar seg mot deg som underviser i KRLE eller samfunnsfag på ungdomstrinnet, eller i historie eller religion og etikk i den vidaregåande skulen, og som ynskjer meir innsikt i korleis ein handterer slike tema i undervisninga. 

Studiet skal gje både teoretisk innsikt og empirisk kunnskap om kva som opplevast som kontroversielle tema i undervisningssamanheng og elles i samfunnet, og problematiserer undervisning i kontroversielle tema med historisk- og samtidig perspektiv, rundt stikkord som historisk minne og forgløymming, historiebruk, fleirkulturalitet, media og populærkultur. 

Les meir om emnet her

Organisering og undervisning

Kurset består av forelesningar og seminar ved UiB. Noko av undervisninga vil gå saman med masterstudentar i religionsvitskap, sjå oversikt under.

Mellom samlingane er det lagt opp til eigenaktivitet, der du som lærar skal identifisere og prøve ut kontroversielle tema i eiga undervisning. Dette skal du presentere for medstudentane på samling. På den siste samlinga skal deltakarane øve på å leie undervisning i kontroversielle tema. Eigenaktiviteten peikar fram mot semesteroppgåva som alle deltakarane skal levere mot slutten av studiet.

Det er obligatorisk å delta på alle samlingane samt å ha eit seminarframlegg. Du vil dessutan få individuell rettleiing på den avsluttande semesteroppgåva.

Undervisningsplan våren 2021: 

    11. januar10.15 - 12.00Introduksjon til studiet
    29. januar12.15 - 16.00Undervisning i kontroversielle tema (felles)
    11. februar12.15 - 16.00Fordommar, minoritetar, antisemittisme og islamofobi (felles)
    26. april10.15 - 12.00Førebuing av eit undervisningsforløp
    14. mai12.15 - 16.00Konspirasjonsteoriar i skulen
    7. sept.12.15 - 16.00Kontroversielle tema i eiga undervising
    19. okt.12.15 - 16.00Ulike perspektiv og strategiar

    Opptakskrav

    Du må ha undervisningskompetanse tilsvarande 30 studiepoeng eller meir i dei aktuelle undervisningsfaga. Dokumentasjon på dette lastar du opp når du registrerer søknad. 

    Det er 20 studieplassar på dette kurset. Dersom det er mange søkarar vil tilsette ved UiBs partnarskular blir prioriterte.

    Vil du vite meir?

    Dersom du har spørsmål om søknad og opptak kan du ta kontakt med UiB Videre. Dersom du ynskjer meir informasjon om det faglege innhaldet og organisering av undervisninga kan du ta kontakt med Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap. Du finn óg kontaktinformasjon til dei fagleg ansvarlege nedanfor.