Hjem
Etter- og videreutdanning
Vidareutdanning for lærarar

Undervisning i kontroversielle tema - historie og religion fagdidaktikk

Kva er kontroversielle tema i historie- og religionsundervisning? Kvifor vert tema kontroversielle og korleis kan du som lærar handtere dette i undervisninga? Nytt deltidsstudium i historie og religionsdidaktikk.

Nytt videreutdanningstildbud for lærere: Undervisning i kontroversielle tema. Historie og religion fagdidaktikk
Kva er det som gjer eit tema kontroversielt? Og korleis skal du som lærar handtere og legge opp undervisninga kring slike tema? Det er fokus i UiB sitt nye vidareutdanningstilbod i historie og religionsdidaktikk.

Kva er det som gjer at nokre tema vert oppfatta som særleg kontroversielle, både i skule-/undervisningssamanheng og i samfunnet elles? 

I samband med flyktningekrisa og påfølgjande debatt om det fleirkulturelle samfunnet har tema knytt til mellom anna religion, etnisitet og nasjonale verdiar fått ny aktualitet. På same tid har medieutviklinga, særleg i sosiale medier, stilt skulen overfor nye utfordringar: Omgrep som "hatprat" og "fake news" er nokre stikkord knytta til undervisning om ulike kontroversielle tema. 

Dette er noko av bakgrunnen for det nye vidareutdanningskurset i historie- og religionsdidaktikk som starta opp ved UiB første gong våren 2019. Studiet legg mellom anna opp til ein felles ekskursjon til Oslo og Utøya.

Kursinnhald og målgruppe

Kurset rettar seg mot deg som underviser i KRLE eller samfunnsfag på ungdomstrinnet, eller i historie eller religion og etikk i den vidaregåande skulen, og som har minimum 30 studiepoeng i eitt eller fleire av desse undervisningsfaga.

Religions- og historiedidaktikk er overordna perspektiv i kurset, som tek sikte på å gje både teoretisk innsikt og empirisk kunnskap om kva som opplevast som kontroversielle tema i undervisningssamanheng og elles i samfunnet. 

Kurset tek opp og problematiserer undervisning i kontroversielle tema med historisk- og samtidig perspektiv, rundt stikkord som historisk minne og forgløymming, historiebruk, fleirkulturalitet, media og populærkultur. 

– Kva lærarar ser som kontroversielle tema er ikkje nødvendigvis det same som elevane opplever som kontroversielt, seier førsteamanuensis i religionsvitskap Marie von der Lippe. Ho har utvikla det nye studietilbodet i tett samarbeid med førsteamanuensis  i religionsvitskap Sissel Undheim og historieprofessor Svein Ivar Angell

Organisering og undervisning

Kurset vil bestå av til saman 5 kortare studiesamlingar med forelesningar og seminar over to påfølgjande dagar kl 12.15-16. Mellom samlingane er det lagt opp til eigenaktivitet, der du som lærar skal identifisere og prøve ut kontroversielle tema i eiga undervisning. Dette skal du presenterast for medstudentane på samling. På den siste samlinga skal deltakarane øve på å leie undervisning i kontroversielle tema. Eigenaktiviteten peikar fram mot semesteroppgåva som alle deltakarane skal levere mot slutten av studiet.

    Sjå detaljert undervisningsplan og les meir om krav til obligatorisk seminaraktivitet, opptakskrav mm. på kurssida her

    Vil du vite meir?

    Dersom du har spørsmål om søknad og opptak kan du ta kontakt med UiB Videre. Dersom du ynskjer meir informasjon om det faglege innhaldet og organisering av undervisninga kan du ta kontakt med Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap. Du finn óg kontaktinformasjon til dei fagleg ansvarlege nedanfor.