Hjem

Etter- og videreutdanning

Ville lære meir om kulturforskjellar

Åshild Eiken Dahle jobbar som helsesøster og var nyfiken på korleis kulturforskjellar påverkar kommunikasjonen i møte med barn og foreldre på helsestasjonen. Vidareutdanningskurset Fleirkulturell forståelse og kommunikasjon ga henne både nokre svar og meir å undre seg over.

– Eg har fått reflektere over kvifor vi gjer som vi gjer, som helsepersonell, i møte med fleirkulturelle familiar

– Det eg syns var bra med kurset, var at det var veldig knytta opp mot vår arbeidskvardag, seier Åshild Eiken Dahle.

Om lag ein fjerdedel av alle barna og familiane ho møter i jobben som helsesøster ved Solheimsviken helsestasjon har anna språkleg- og kulturell bakgrunn. Åshild fortel at ho ynskte å forstå meir av kulturbakgrunnen deira, og valde difor å melde seg på vidareutdanningskurset Fleirkulturell forståelse og kommunikasjon ved UiB då det starta opp første gong våren 2018.

– Eg syns det har vore veldig nyttig å kunne reflektere og problematisere rundt ulike utfordringar, som ein kan oppleve i møtet mellom to menneske med ulik kulturbakgrunn, og kanskje stille litt kritiske spørsmål til oss sjølve óg. 

– Og så må eg seie at det var eit veldig gøy kurs! 

Om studiet: 

SANT660 Fleirkulturell forståelse og kommunikasjon er eit vidareutdanningskurs på deltid over eitt semester ved Institutt for sosialantropologi. Undervisninga består av nettundervisning og to helgesamlingar ved UiB.

Kurset er aktuelt for deg som møter flyktningar og innvandrarar med annan språk- og kulturbakgrunn i ditt daglige arbeid og som ønsker større innsikt og forståing for korleis kulturforskjellar påvirkar kommunikasjon.

Vi legg opp til at kurset skal vere praksisnært, ved at studentane sine refleksjonar rundt eiga yrkesrolle og eigne erfaringar i møte med flyktningar og innvandrarar vert brukt aktivt som ressurs i undervisninga. 

Nytt kurs går våren 2019, les meir om kurset og søk plass her innan 10. desember