Hjem
Etter- og videreutdanning

Vilkår for videreutdanningsstudier

Følgande vilkår gjeld for deg som søker- og får opptak til vidareutdanning/deltidsstudier ved Universitetet i Bergen. 

Hovedinnhold

Generelt om opptak til våre vidareutdanningar

For opptak til videreutdanningar og deltidsstudiar ved UiB gjeld dei generelle opptakskrava som er beskrive under, for emner på bachelor- eller masternivå.

I tillegg kan ein del vidareutdanningar ha særskilde krav til tidlegare utdanning og/eller yrkeserfaring. Slike særskilde krav er beskrive på nettsida for det aktuelle studiet og skal dessutan vere nedfelt i emnebeskrivelsen/studieplanen for emnet/studiet.

Opptak til vidareutdanningsemne på bachelornivå

Dersom du søker opptak til eit vidareutdanningsemne på bachelornivå gjeld desse opptakskrava: 

  • Er du under 25 år? Du må ha generell studiekompetanse
  • Er du over 25 år? Du må som hovudregel ha generell studiekompetanse. Dersom du ikkje har generell studiekompetanse kan du søke om opptak på grunnlag av realkompetanse
  • Dersom du søker opptak til eit emne som har studieavgift, må du også ha minimum to års arbeidserfaring

Dokumentasjon av generell studiekompetanse

Har du tidlegare søkt- og/eller teke anna høgare utdanning vil du i mange tilfelle vere registrert med generell studiekompetanse og du treng difor ikkje dokumentere dette på nytt. Du ser om du er registrert med generell studiekompetanse når du registrerer søknad til eit vidareutdanningsemne hos osss. 

Dersom generell studiekompetanse er det einaste opptakskravet til emnet du søker på og du ser at du allereie er registrert med dette, treng du ikkje legge ved ytterlegare dokumentasjon.

Dersom du ikkje allereie er registert med generell studiekompetanse og er under 25 år, må du legge ved dokumentasjon på at du har dette når du søker om opptak til eit vidareutdanningsemne hos oss. Gyldig dokumentasjon er vitnemål eller kompetansebevis frå vidaregåande skule, yrkesfag med påbygging osv.

Du kan lese meir om ulike vegar til generell studiekompetanse hos Samordna opptak: Universitet og høgskole - opptakskrav og poeng - Samordna opptak

Dokumentasjon av realkompetanse

Dersom du er over 25 år og ikkje har generell studiekompetanse, kan du søke opptak på grunnlag av realkompetanse. For opptak til vidareutdanningsemne på bachelornivå utan andre opptakskrav praktiserer vi ei forenkla realkompetansevurdering. Det vil seie at vi reknar summen av tidlegare utdanning og arbeidserfaring som tilstrekkeleg opptaksgrunnlag for vidareutdanningsemne hos oss. Du treng ikkje sende inn dokumentasjon. 

Dokumentasjon av arbeidserfaring 

For emne på bachelornivå som har studieavgift er det i tillegg til krav om generell studiekompetanse eller realkompetanse også eit krav at du har minimum to år med arbeidserfaring. Vi krev ikkje dokumentasjon på arbeidserfaringa di, men du må stadfeste ved avkryssing at du har minimum to års arbeidserfaring når du registrerer søknaden din. Har du hatt deltidsstillingar må du rekne om til full tid. Du må til dømes ha jobba fire år dersom du har hatt 50% stilling.

Vi vil ta stikkprøver og dersom du ved forespurnad ikkje kan dokumentere at du har to år med arbeidserfaring vil du kunne miste studieplassen.

Opptak til vidareutdanningsemne på masternivå

Dersom du søker opptak til eit vidareutdanningsemne på masternivå må du kunne dokumentere at du fyller følgande opptakskrav:

  • bachelorgrad
  • cand.mag.-grad
  • annan grad eller yrkesutdanning av minimum 3 års omfang
  • utdanning som etter § 3-5 i Lov om universitet og høgskular er godkjent som jamngod med gradar eller utdanningsløp nemnt ovanfor
  • Du må i tillegg dokumentere at du har minimum to års relevant yrkeserfaring

I spesielle tilfelle kan andre dokumenterte kvalifikasjonar bli vurdert som heilt eller delvis likeverdig med utdanningsløpa ovanfor. UiB kan i slike tilfelle gje unntak for inntil eitt år/60 studiepoeng av utdanningskravet, dersom du også kan dokumentere særskilt lang og relevant yrkeserfaring utover minstekravet på to år. Som hovudregel vil vi då kreve at du kan dokumentere minimum fire års relevant yrkeserfaring. 

I nokre tilfelle kan det vere krav til at den tidlegare utdanninga di er innanfor eit relevant fagområde og kravet til tidlegare yrkeserfaring kan også vere meir enn to år. Kva som vert rekna som relevant yrkeserfaring og eventuelt relevant grunnutdanning skal framgå av omtalen av studietilbodet på nettsidene og i emnebeskrivelse/studieplan for studiet.

Dokumentasjon av høgare utdanning

Har du teke høgare utdanning frå UiB eller andre offentlege universitet/høgskular i Norge vil vi i dei fleste tilfelle ha tilgang til å hente fram eksamensresultata dine og du treng difor ikkje legge desse ved søknaden din.  

Har du derimot utdanninga di frå ein privat høgskule, frå utlandet eller du avslutta utdanninga di før 1995 må vi be deg laste opp vitnemål/karakterutskrifter som vedlegg til søknaden din. Du finn oversikt over utdanningsinstitusjonar som automatisk deler eksamensresultat når du har logga deg inn for å registrere søknad.    

Dokumentasjon av relevant yrkeserfaring 

Du må legge ved attest/tenestebevis eller anna stadfesting frå arbeidsgivar som viser at du fyller kravet om minimum to års relevant yrkeserfaring.

Attest/stadfesting frå arbeidsgivar må vere datert og innehalde følgande informasjon:

  • Start og evt. sluttdato
  • Stillingsprosent
  • Stillingstittel
  • Signatur frå arbeidsgivar (e-signatur er godkjent)

Merk at CV og arbeidsavtale åleine ikkje er godkjent dokumentasjon på arbeidserfaring.

Ved utrekning av ansiennitet blir deltidsstillingar rekna om til mnd./år i fulltid.

Eventuelle særskilde opptakskrav 

I tillegg til dei generelle opptakskrava omtalt ovanfor kan det vere knytta særlege opptakskrav til vidareutdanningsemner, både på bachelor- og masternivå. Dette kan t.d. vere krav om bestemte faglege forkunnskapar i tillegg til generell studiekompetanse, t.d. at du må ha matematikk/realfag i fagkrinsen for opptak til visse realfaglege vidareutdanningsemne. Eller det kan vere krav om at du har ein bestemt utdannings- eller yrkesbakgrunn. Til dømes gjeld dette mange av vidareutdanningane for lærarar, der det er eit tilleggskrav at den som søker må ha godkjend lærarutdanning.

Slike særskilte opptakskrav skal framgå av omtalen av studietilbodet på nettsidene og i emnebeskrivelse/studieplan for studiet.

Søknadsfristar og tilbod om studieplass

Søknadsfristar og svar på søknad

Nokre av vidareutdanningane ved UiB har faste søknadsfristar, medan andre har løpande opptak med fleire opptaksrunder fram mot studiestart eller så lenge det er ledige plassar. Kva for søknadsfristar som gjeld finn du på nettsida for det aktuelle studietilbodet.

Du får normalt svar på søknaden din nokre få dagar etter søknadsfrist/oppgitt dato for neste søknadsbehandling. Svar blir sendt til di private e-postadresse som du er registrert med i samband med søknad til studiet. Dette er den epostadressa du er oppført med i det sentrale Kontakt og reservasjonsregisteret.  Dersom du ønsker å endre e-postadresse eller andre kontaktopplysningar må du sjølv endre dette, vi har ikkje løyve til å gjere dette for deg på førespurnad. Les meir om korleis du endrar dine kontaktopplysningar

Tilbod på visse vilkår

Dersom du på søknadstidspunktet ikkje tilfredsstiller opptakskrava fullt ut., t.d. at du fullfører bachelorgrad seinare samme semester, kan du få tilbod om plass på vilkår. Du vil då kunne få tilbod om studieplass på det vilkåret at du ettersender den manglande dokumentasjonen innan avtalt frist. Dersom du ikkje gjer dette vil tilbodet om studieplass kunne bli trekt tilbake. 

Svarfrist

Når vi sender ut tilbod om studieplass får du ein frist på 7-14 dagar på å svare ja eller nei til tilbodet. Svarfristen kan i nokre tilfelle vere kortare, dersom det er snakk om suppleringsopptak/restplassar og/eller kort tid til studiestart.

Trekkfristar og angrerett

Stadfesting på opptak og studierett

Dersom du takkar ja til studieplassen vil du få ein ny e-post med stadfesting på opptak og studierett til emnet. Merk at opptak til vidareutdanningsemne ikkje gir studierett til andre emne eller studieprogram ved UiB.

Trekkfristar

Fristen for å trekke deg frå ein studieplass du har takka ja til er normalt 14 dagar før studiestart*.  Eksakt dato for trekkfrist finn du i e-posten du fekk som stadfestar opptak til studiet.

Merk: Etter denne datoen er påmeldinga bindande og du er forplikta til å betale eventuell studieavgift (for emner som har studieavgift). 

*Enkelte vidareutdanningar kan ha særskilt, tidlegare trekkfrist. Dette vil du få beskjed om i samband med søknad/opptak.

14 dagars angrerett

Dersom du får tilbod om- og takkar ja til studieplass tett opp mot studiestart, det vil seie etter at den ordinære trekkfristen har gått ut vil du likevel ha 14 dagars angrerett, jmf. Angrerettlova. Du kan anten sjølv trekke søknaden din i søknadsportalen eller du kan sende e-post til videre@uib.no. Du treng ikkje å oppgje nokon grunn. 14-dagarsfristen løper frå den datoen svarfristen din går ut.

Dersom du nyttar deg av angreretten etter at studiet har starta kan du bli avkrevd ein forholdsmessig del av studieavgifta for å dekke administrasjonskostnader.

Trekk av velferdsgrunnar

Dersom det skulle oppstå ein situasjon etter trekkfristen som gjer at du likevel ikkje kan følge studiet, må du sende ei skriftleg, grunngjeve melding om trekk frå studieplassen til UiB Videre på epost: videre@uib.no så snart som mogleg.

Du må legge ved dokumentasjon på gyldige velferdsgrunnar, desse framgår av UiBs studieforskrift. Du vil då ikkje bli avkrevd studieavgift. Dersom du skulle ønske å ta studiet på nytt ved eit seinare høve må du søke om nytt opptak på like vilkår med nye søkjarar. Vi gir ikkje utsett studiestart.

Studieavgift

Faktura for studieavgifta blir sendt ut av økonomiavdelinga ved UiB med 15 dagars betalingsfrist for privatpersonar og 30 dagars frist for verksemder/internasjonale studentar. Faktura blir sendt ut rundt studiestart og blir som hovudregel sendt til deg personleg, til den e-postadressa du har oppgitt i samband med søknad til studiet.

Dersom arbeidsgivar eller andre skal dekke studieavgifta for deg må du sørge for å fylle ut korrekt fakturainformasjon til arbeidsgivar i søknaden. Mangelfulle opplysningar her kan føre til at fakturaen i staden blir sendt til deg personleg.

Studieavgifta blir normalt fakturert som eit eingangsbeløp. Du kan be om å få denne delt opp i to rater.

Heile studieavgifta må vere innbetalt innan datoen for trekkfrist for eksamen i det emnet du er meldt opp til. Dersom studieavgifta ikkje er betalt kan du bli nekta rett til å ta eksamen/få sensur. 

Spørsmål rundt studieavgift, faktura og betaling kan du rette til UiB Videre: videre@uib.no

Studieavgifta dekker:

  • Undervisning
  • Tilgang til UiBs læringsplattform Mitt UiB med undervisningsmateriell og læringsressursar, for det semesteret/dei semestra du har fått studierett til emnet
  • Eksamenskostnader, inkl. eventuell kontinuasjonseksamen

Studieavgifta dekker normalt ikkje*:

  • Pensumlitteratur
  • Eventuelle utgifter til reise og opphald for studier som har studiesamlingar ved UiB
  • Eventuelle utgifter til frivillige ekskursjonar/studieturar e.l. som vert tilbode i samband med studiet

For enkelte studium kan dette vere organisert annleis. Dette går fram av nettsida for det aktuelle studiet.

Semesteravgift

Alle som har fått opptak til eit studium ved UiB skal betale lovpålagt semesteravgift til Sammen – Studentsamskipnaden på Vestlandet, p.t. er denne kr 650,- per semester. Dette er ei personleg avgift som dekker velferdsgoder og –tenester for alle studentar.

Fristar for betaling av semesteravgifta

Semesteravgifta skal betalast i starten av kvart semester, normalt innan 1. september for haustsemesteret og 1. februar for vårsemesteret. Mange av vidareutdanningsstudia ved UiB har søknadsfristar og/eller oppstart utanom desse fristane og vidareutdanningsstudentar får difor særskilte fristar for innbetaling av semesteravgifta. Du får informasjon om kva frist som gjeld for deg i samband med opptak til studiet.

Dersom du treng bevis på studentstatusen din for å få kunne få studentrabattar på kollektivtransport eller liknande, kan du laste ned ein eigen studentbevis-app til telefonen din. 

Betalt semesteravgift ved annan utdanningsinstitusjon?

Dersom du også studerer ved ein annan utdanningsinstitusjon og har betalt semesteravgift der, skal du ikkje betale ny semesteravgift ved UiB. Då sender du kopi av kvittering for betalt semesteravgift på e-post til UiB Videre: videre@uib.no, så registrerer vi at du får fritak for semesteravgift ved UiB. Tilgang til velferdsgoder og -tenester gjeld for den studentsamskipnaden du har betalt til.

Kva skjer om eg ikkje betaler semesteravgifta?

Du kan miste studieretten din og dermed retten til å ta eksamen/få sensur. Les meir om betaling av semesteravgift.

Tilrettelegging, pause eller permisjon

Tilrettelegging

Studentar med funksjonsnedsetjing eller andre særskilde behov har rett til tilrettelegging av undervisning, læremidlar og eksamen. Du må søke fakultetet ditt om slik tilrettelegging så snart som mogleg og behovet må som hovudregel dokumenterast med legeerklæring eller tilsvarande. Ta kontakt med EVU-koordinator/kontaktperson ved instituttet ditt for rettleiing.

Pause eller permisjon i løpet av studiet

Vi innvilgar normalt ikkje pause/ugrunna opphald for studentar som tek vidareutdanningsemne og andre kortvarige studiar. Men vi vil likevel innvilge permisjon dersom du søker om dette på grunnlag av velferdsgrunnar som som du finn i UiB si studieforskrift. Du må då sende skriftleg søknad om permisjon til instituttet eller fakultetet ditt og legge ved dokumentasjon på gyldig velferdsgrunn.

Du vil få innvilga permisjon for eitt eller maksimalt to semester om gongen og får høve til å ta opp att studiet neste gang emnet går. Vi må ta eit atterhald om- eller eventuelt når emnet går på nytt. 

Eksamen

Du blir automatisk semesterregistrert og meld opp til eksamen i samband med opptak. Du har rett til å gå opp til eksamen dersom du:

  • har fått godkjent eventuelle obligatoriske arbeidskrav/obligatorisk deltaking
  • har betalt semesteravgifta
  • har betalt eventuell studieavgift

Meir informasjon om eventuelle obligatoriske arbeidskrav og eksamensform finn du i emnebeskrivelsen for emnet du er teken opp til.

Dersom studiet vert avslutta med skriftleg skuleeksamen er det for enkelte emne mogleg å søke om å få avlegge eksamen på- eller nært heimstaden din, i staden for å reise til Bergen. Eventuelle kostnader knytta til dette må du i tilfelle dekke sjølv. Ta kontakt med EVU-koordinator/kontaktperson ved instituttet ditt for meir informasjon. 

Trekk til eksamen, sjuk eller ikkje bestått

Dersom du av ulike grunnar ikkje ønsker eller kan ta eksamen gjeld desse reglane:

Trekk frå eksamen

Trekkfristen er normalt 14 dagar før eksamensdato/oppstart heimeeksamensperiode. Eksakt dato for trekkfrist finn du i emnebeskrivelsen for emnet ditt.  Trekkfristen blir også kunngjort på emnesida i Mitt UiB. Om du ønsker å trekke deg frå eksamen må du ta kontakt med EVU-koordinator/kontaktperson for emnet ditt. 

Sjuk eller har anna gyldig fråver under eksamen

Dersom du etter trekkfristen eller på sjølve eksamensdagen blir sjuk eller har andre vektige grunnar for at du ikkje kan ta eksamen som planlagt må du melde inn dette saman med naudsynt dokumentasjon innan to veker etter eksamen.

Les meir om gyldig fråver på eksamen og korleis du melder frå om dette

Tre eksamensforsøk – rett til ny eksamen

Du har normalt tre eksamensforsøk.

Trekk innan oppgitt frist eller gyldig, dokumentert fråver levert innan to veker etter eksamen gjeld ikkje som forsøk.

Dersom du ikkje trekker eksamensmeldinga di, trekker deg etter fristen, eller avbryt eksamen etter at eksamen er i gang vil dette telle som eitt av dei tre eksamensforsøka.

Dersom du har gyldig fråver eller ikkje har bestått eksamen, har du rett til å ta ny eksamen (kontinuasjonseksamen) så snart dette let seg praktisk gjennomføre. Dette vil ikkje medføre ekstra kostnad for deg, utanom eventuell ny semesteravgift, dersom ny eksamen vert gjennomført i nytt semester. 

Om du derimot ønsker å ta ny eksamen for å forbetre karakteren, kan du bli avkrevd eit eksamensgebyr. 

Ta kontakt med EVU-koordinator/kontaktperson ved ditt institutt for rettleiing.  

Meir informasjon om eksamensreglementet finn du i UiB si studieforskrift

Sensur, karakterutskrift og klage

Sensur

Sensur skal normalt vere klar innan 15 vyrkedagar etter eksamen. Eksamensresultatet blir kunngjort på StudentWeb og du må sjølv logge inn for å finne eksamensresultata.

Klage på karakter

Du har rett på fagleg grunngjeving for karakteren din. Fristen for å be om dette er ei veke etter at karakteren er publisert i Studentweb. Du skal normalt motta grunngjevinga innan to veker etter du har bede om den. Grunngjevingar kan bli gjeve munnleg eller skriftleg pr. e-post. Les meir om grunngjeving og klage på karakter

Karakterutskrift og vitnemål

UiB utstettar normalt ikkje kursbevis/diplom for fullførte videreutdanningsemne. Du kan sjølv bestille karakterutskrift og du kan dele eksamensresultata med andre via Vitnemålsportalen.

Dersom du fullfører ein heil grad, t.d. oppnår erfaringsbasert mastergrad etter innlevert og godkjent masteroppgåve vil du få vitnemål som viser oppnådd grad. 

Slik bestiller du karakterutskrift og evt. vitnemål