Symposium om språkinnlæring for innlærarar med lite skuleerfaring
Fredag 1. november inviterer forskarar bak ALAN-prosjektet til diskusjon og erfaringsdeling knytta til norskopplæring blant deltakarar med lite skuleerfaring. Symposiet er for spesielt inviterte lærarar og andre tilsette ved vaksenopplæringssenter som har vore involverte i ALAN-prosjektet. Påmeldingsfrist: 15. oktober.
Hovedinnhold
Prosjektet Adult Acquisition of Norwegian as a second language (ALAN) arrangerer symposium om norskopplæring blant deltakarar med lite skuleerfaring. ALAN er finansiert av Norges forskningsråd og har som formål å skaffe fram meir kunnskap om andrespråksutvikling blant flyktningar og immigrantar med låg utdanningsbakgrunn; ei sterkt underrepresentert gruppe i forskinga.
Symposiet er for lærarar på vaksenopplæringssenter som har lagt til rette datainnsamling i ALAN, og slik bidrege verdifullt i arbeidet med å skape eit forskingsbasert kunnskapsgrunnlag for praksis, opplærings- og integreringspolitikk retta mot mangfaldet av deltakarar i vaksenopplæringa.
På symposiet vil framståande ekspertar diskutere utfordringar knytt til det å tileigne seg språk utan erfaring med skulegang, ofte også på bakgrunn av manglande lese- og skriveferdigheiter, og korleis ein kan legga til rette for læring blant deltakargruppa.
Påmelding her innan 15. oktober
Merk: Inga deltakaravgift.
Program:
Med atterhald om mindre justeringar
08.30 | Kaffi og mingling |
09.00 | Opning og ALAN |
09.30 | Triple L for LESLLA learners: Lessons from research Jeanne Kurvers, Associate Professor ved School of Humanities, Tilburg University i Nederland Second language teachers who work with adult LESLLA learners often ask why these students progress so slowly and what might help in teaching them. In this presentation, Kurvers will discuss the unique characteristics of LESLLA learners and the challenges they face in the initial phases of learning to read and write in a second language, and discuss findings from studies on what works for LESLLA learners. Read more |
10.30 | Pause |
10.45 | Investering i norskopplæring og bruk av flerspråklige assistenter i klasserommet Marianne Eek, førsteamanuensis i nordisk språkvitenskap ved Høgskolen i Innlandet Med utgangspunkt i ein doktorgradsstudie vil Eek vil diskutere betydinga av bruk av fleirspråklege assistentar eller språkhjelparar for andrespråkslæringa til vaksne nyankomne med liten eller ingen skolebakgrunn. Ho vil peike både på moglegheiter og utfordringar. Les meir |
11.45 | Lunsj |
12.45 | Workshop: Språkhjelperes stillasbygging i klasserommet – arbeid med språkets mening, språkets form og språket i bruk Marianne Eek, førsteamanuensis i nordisk språkvitenskap ved Høgskolen i Innlandet I denne workshopen gir Eek eksempel på korleis språkhjelparar, deltakarar og lærarar saman deltek i det vi kan kalle kollaborativ dialog og forhandling om meining i klasserommet. Hovedfokuset er retta mot språkhjelparane sin stillasbygging i utviklinga av andrespråket for vaksne nyankomne med liten eller ingen skolebakgrunn. Eek viser eksempel på korleis språkhjelparane bidreg til at det blir mogleg å jobbe kontrastivt med språklæringa. Workshopen vil gje rom for diskusjon og erfaringsutveksling. Les meir |
13.30 | UiB Videre Bo Byrkjeland, leder for UiB Videre |
13.45 | Language Support for Migrants - a new Council of Europe Toolkit for migrant inclusion and empowerment Lorenzo Rocca, responsible of the language projects department at the Società Dante Alighieri in Rome In this contribution, Rocca will present the last Council of Europe milestone, the new Language Support for Migrants (LSM) Toolkit comprising 80 resources. The LSM Toolkit has been created to meet both the specific needs of teachers providing language support in mainstream educational programs or formal language learning settings. In addition, some of the LSM tools are specifically designed to address the needs of migrants with a very low level of literacy or with little formal schooling. Read more |
14.45 | Pause |
15.00 | Tvungen migrasjon, prekaritet og grunnleggende lese- og skriveopplæring Guri Bordal Steien, professor i lingvististikk ved Høgskolen i Innlandet I dette innlegget presenterer Steien ein etnografisk studie av Nora, flyktning frå Den demokratiske republikken Kongo, si deltaking i grunnleggjande lese- og skriveopplæring på Introduksjonsprogrammet. Etter fullført program kunne Nora skrive namnet sitt og kjenne igjen nokre skrivne ord. Ho oppnådde altså ikkje nivå A1 i løpet av programtida. Steien ser nærare på Nora si tilnærming til lesing og skriving i lys av dei svært prekære tilhøva ho hadde levd under før. Les meir |
16.00 | Avslutning |