Hjem
Etter- og videreutdanning
Nettstudium på deltid

Nordisk språk og litteratur - Fjernord

Vil du jobbe som norsklærar, eller med språk- og litteratur i andre samanhengar? Ved UiB kan du ta eitt eller flere emne i nordisk språk og litteratur som nettstudium på deltid. Nytt opptak for våren 2022, søknadsfrist 1. november.

Nordisk språk og litteratur - Fjernord
Fjernord er eit nettstudium på deltid som består av fire frittståande emne i nordisk språk og litteratur. Tek du alle fire emna får du undervisningskompetanse i norsk i skulen.
Foto/ill.:
Colourbox

Hovedinnhold

Fjernord er eit nettbasert deltidsstudium i nordisk språk og litteratur som skal gje kunnskapar om norsk og nordisk språk og litteratur i både eldre og nyare tid.

Studiet består av fire frittståande emne, to språklege og to litterære, kvart på 15 studiepoeng. Desse tilsvarar emna i det ordinære årsstudiet i nordisk ved UiB, og vil samla gje deg undervisningskompetanse i norskfaget i skulen.

Emna i Fjernord kan dessutan inngå i ein bachelorgrad ved UiB som del av spesialiseringa i nordisk språk og litteratur eller som frie studiepoeng. 

Emneoversikt

Organisering

Fjernordstudiet er eit deltidsstudium med 50% studieprogresjon, det vil seie at du tek eitt emne på 15 studiepoeng kvart semester, mot normalt 30 for fulltidsstudentar. Det blir undervist i eitt emne per semester, som rullerer slik at kvart emne går annakvart år. Sjå oversikt over.

NB: Det er separat opptak til kvart emne. Dersom du planlegg å ta alle fire emna fortløpande må du altså hugse å registrere søknad til det neste emnet innan den fristen som er oppgitt. 

Undervisninga er nettbasert og foregår via læringsplattforma Mitt UiB. I tillegg blir kvart emne supplert med studiesamlingar 1-2 helger i semesteret, som vert gjennomført enten fysisk med oppmøte i Bergen, eller digitalt. 

Nordisk: Moderne språk

Emnet skal gje studentane eit felles utgangspunkt i studiet av moderne norsk, bruk som første- og andrespråk. Emnet har fire hovudtema:

  1. moderne norsk grammatikk, dvs. morfologi (ordoppbygning) og syntaks (setningsoppbygning), både bokmål og nynorsk
  2. ordkunnskap (særleg ordbetydning)
  3. tekstkunnskap
  4. moderne skriftspråkshistorie (frå 1800-talet til moderne bokmål og nynorsk)

Dei tre første temaa har vinkling mot norsk både som førstespråk og andrespråk. Norsk språk blir studert som sjølvstendig system, men det blir òg sett inn i typologisk samanheng med tanke på korleis det liknar på og skil seg frå andre språk, og korleis det blir lært av innlærarar med andre førstespråksbakgrunnar.

Studiet av den moderne skriftspråkshistoria skal gi studentane forståing av korleis den moderne skriftspråkssituasjonen har oppstått, med to målformer og stor valfridom i rettskrivingane.

Les heile emnebeskrivelsen

Undervisning og eksamen

Emnet NOSP102-F våren 2022 startar med undervisning via læringsplattforma Mitt UiB 10. januar. Det er planlagt to helgesamlingar, i utgangspunktet som fysiske samlingar ved UiB, men dei kan bli gjennomført digitalt i staden for. Meir informasjon om dette kjem ved studiestart.

1. samling19. - 20. februar 
2. samling23. - 24. april

Den avsluttande vurderinga på emnet består av ein 6-timars skriftleg, digital heimeeksamen: 30. mai 2022

Nordisk: Språkhistorie og talemål

Emnet skal gje studentane eit felles utgangspunkt for studiet av norsk som eit resultat av historisk utvikling og geografisk og sosial variasjon i moderne norsk. Norsk skal òg studerast i samanlikning med dei andre nordiske språka (dansk, færøysk, islandsk, norsk og svensk). Emnet har fire hovudtema:

  1. norsk språkhistorie frå norrønt språk til moderne talemål
  2. norsk fonologi (lydsystem) med viktige regionale varietetar
  3. geografisk og sosial talemålsvariasjon med talemålsgrammatikk og -fonologi
  4. andre nordiske språk, særleg dansk og svensk

Studiet av språkhistoria skal gi innsikt i språkutvikling generelt og framveksten av moderne norsk spesielt. Det omfattar eit mindre studium av norrønt språk som bakgrunn for å forstå dei seinare utviklingane.

Studiet av fonologi og talemål skal gi oversyn over lydleg og grammatisk variasjon i talt norsk og bidra til ei forståing av dialektar og sosiolektar som språkleg likeverdige med dei offisielle målformene bokmål og nynorsk.

Studiet av dei andre nordiske språka skal gi oversyn over grunnleggande språkhistorie og noverande språktilhøve og over forskjellar og likskapar mellom språka, særleg dansk og svensk i forhold til norsk.

Les heile emnebeskrivelsen

Nordisk: Litteratur etter 1900

Emnet skal gje ei innføring i sentrale litterære tekstar i nordisk, særleg norsk, litteratur frå det 20. og det 21. hundreåret. 

Studentane vil få eit solid litteraturhistorisk oversyn, der ein ser skjønnlitteraturen i samband med sosiale, kulturelle, idéhistoriske, mediale og biografiske tilhøve som er relevante for forståinga av den einskilde teksten. Studiet av litteraturhistoria skal skape refleksjon omkring kontinuitet og brot i kulturutviklinga og setje samtidskulturen inn i ei større historisk ramme.

Sentralt i emnet er ei systematisk innføring i dei skjønnlitterære hovudsjangrane lyrikk, epikk og dramatikk slik at studentane kan forstå teksten som estetisk uttrykk og utvikle eit teoretisk omgrepsapparat dei kan nytte i systematisk handsaming av tekstane.

Emnet skal ta opp sakprosa, særleg former for sakprosa som er nærskylde skjønnlitteraturen, som til dømes essay, talar og brev, og reflektere omkring skiljet mellom skjønnlitteratur og sakprosa.

Les heile emnebeskrivelsen

Nordisk Den eldre litteraturen

Emnet skal gje kunnskapar om breitt utval nordiske, særleg norske, litterære tekstar frå og med norrøn tid og fram til 1900. I tillegg inneheld emnet eit litteraturhistorisk og eit teoretisk pensum. Det skjønnlitterære pensumet utgjer om lag 2/3 av emnet og er fordelt mellom dei tre skjønnlitterære hovudsjangrane lyrikk, epikk og dramatikk. I tillegg skal studentane lese eit utval sakprosa.

Emnet skal gje ei solid litteraturhistorisk innføring som knyter skjønnlitteraturen til sosiale, kulturelle, idéhistoriske og biografiske tilhøve som er relevante for den einskilde teksten. Men emnet skal også bidra til refleksjon omkring litteraturhistoriografien, slik at ein ser litteraturhistoria si framstilling av periodar, kontinuitet og brot som uttrykk for pedagogiske grep og ideologiske strategiar.

Emnet skal ta opp sakprosa, særleg former for sakprosa som er nærskylde til skjønnlitteraturen, som til dømes essay, talar og brev, og reflektere omkring skiljet mellom skjønnlitteratur og sakprosa.

Emnet vidarefører og byggjer vidare på det sjangerteoretiske utgangspunktet frå NOLI102-F og vi tilrår difor at du har teke dette emnet før du tek til på NOLI103-F, men det er ikkje noko krav. 

Les heile emnebeskrivelsen