Norsk som andrespråk - Prismestudiet
Treng du meir kompetanse i norsk som andrespråk? Ved UiB kan du ta inntil 35 studiepoeng som nettstudium på deltid. Vi har no opna for søknader til emnet som går våren 2024.

Hovedinnhold
- Korleis er det for ein innflyttar til Noreg å lære seg norsk språk?
- Kvifor slit så mange med å få til dei same språktrekka, og kor mykje har morsmålet deira å seie for språklæringa?
- Korleis kan ein som lærar undervise i norsk på ein best mogleg måte?
- Kva er beste framgangsmåten for å teste og vurdere andrespråks- og framandspråksferdigheiter?
Prismestudiet er eit reint nettstudium i norsk som andrespråk som består av to separate emne på 15 + 15 studiepoeng, eitt emne om hausten og eitt emne om våren. I tillegg tilbyr vi også eit separat emne på 5 studiepoeng i Testing og vurdering av språkferdigheiter.
MERK: Dei to emna NORAN 602 og NORAN 604 vil til saman dekke kompetansekravet på 30 studiepoeng i norsk som andrespråk, for deg som underviser i norsk etter den nye integreringslova og integreringsforskrifta.
Vi tilrår at du har teke NORAN 602, før du tek til på NORAN 604. Dersom du startar på Prismestudiet med våremnet NORAN 604 tilrår vi at du har- eller skaffar deg grunnleggjande kunnskapar om norsk grammatikk før du startar.
Korleis er undervisninga lagt opp?
All undervisning foregår via læringsplattforma Mitt UiB, der kvart av emna har si eiga emneside. Her finn du mellom anna undervisningsvideoar, podkastar, øvingsoppgåver og lenker til pensumlitteratur.
Alt fagstoffet er organisert i modular som byggjer på kvarandre. Du kan velge å følge tilrådd progresjon eller jobbe i ditt eige tempo, modul for modul. Emna NORAN 602 og NORAN 604 er under revisjon og vil framstå i oppdatert drakt frå og med hausten 2023. Eit stikkord er større grad av fleksibilitet, som gjev deg betre moglegheiter for å studere i det tempoet som passar best for deg i din kvardag.
Vi legg dessutan opp til meir interaktivitet både studentane imellom og mellom studentar og faglærar. Studentar som startar på det reviderte haustemnet NORAN 602 skal delta på faste videomøter med faglærar i løpet av semesteret. I tillegg oppmodar vi studentane til å organisere eigne arbeidsgrupper for samarbeid, diskusjonar og erfaringsdeling. Her kan ein nytte til dømes chat-funksjonen i læringsplattforma Mitt UiB eller via Microsoft Teams. Rettleiing vil bli gitt.
Det vil også vere fleire øvringsoppgåver tilgjengeleg som studentane kan jobbe med på eiga hand i eige tempo, i tillegg til ei større obligatorisk oppgåve som skal leverast inn mot slutten av semesteret.
Eksamensforma blir også endra frå og med hausten 2023, frå skuleeksamen/eksamen på campus til heime-eksamen.
Les meir om kvart emne:
NORAN 602 Norsk som andrespråk (haust)
Emnet gjev ei grunnleggjande innføring i moderne norsk språk, som omfattar fonologi, morfologi, syntaks og vokabular. Desse språklege nivåa vert studerte i eit andrespråksperspektiv, så jamvel om norsk språk er i hovudfokus, har emnet eit allmennlingvistisk, språklæringsteoretisk og språkdidaktisk tilsnitt.
Emnet er under revisjon fram mot hausten 2023. Nokre stikkord for fornyinga som pågår:
Større fleksibilitet
Nye undervisningsvideoar og -podkastar
Oppdatert pensum
Meir didaktikk og praktiske perspektiv
Undervisningsplan hausten 2023:
Digitalt orienteringsmøte: Onsdag 16. august kl. 18-1930
I tillegg til sjølvstudier via læringsplattforma Mitt UiB vil det vere nettmøter med faglærar på følgjande tidspunkt gjennom semesteret:
- Onsdag 6. september kl. 18-1930
- Onsdag 27. september kl. 18-1930
- Onsdag 18. oktober kl 18-1930
- Onsdag 8. november kl 18-1930
Eksamen hausten 2023:
- Digital, skriftleg heimeeksamen (6 timar): Onsdag 22. november
Emnebeskrivelsen for hausten 2023 er under revisjon og vil bli oppdatert i løpet av våren.
NORAN 609 Testing og vurdering av språkferdigheiter (haust)
Dette emnet er på 5 studiepoeng og er utvikla hausten 2021 med støtte frå Kompetanse Norge. Kurset rettar seg mot deg som arbeider med testing og vurdering av andrespråks- og framandspråksferdigheiter, eller med undervisning og andrespråkslæring og vil lære meir om testing og vurderingsmetodar.
Emnet handlar i all hovudsak om generelle prinsipp for testing av andrespråk- og fremmedspråksferdigheiter, uavhengig av om språkinnlæraren er vaksen eller barn. Emnet tek også opp etiske problemstillingar knytte til språktesting og testing i høve til fleirspråklegheit. Temaa og problemstillinga som blir tekne opp, vil vera overførbare til ulike opplæringssituasjonar.
Fagstoffet vil bli inndelt i fleire modular. Nokre av modulane vil i hovudsak visa til eksempel frå vurdering av vaksne. Men ein eigen modul vil vera via til vurdering i klasserommet (grunnskule/vidaregåande).
I arbeidsform skil dette nye emnet seg ein god del frå dei eksisterande Prismeemna. Det vil vere tre digitale undervisningsøkter på kveldstid, om lag 1 gang pr månad. Elles er det lagt opp til sjølvstudiar med utgangspunkt i pensum, korte videoar/podkastar og øvingsoppgåver.
Emnet vert avslutta med 4-timars digital, skriftleg heimeeksamen.
Undervisningsplan hausten 2023:
Digitalt orienteringsmøte: Mandag 21. august kl. 18-19
I tillegg til sjølvstudier via læringsplattforma Mitt UiB vil det vere nettmøter med faglærar på følgjande tidspunkt gjennom semesteret:
- Mandag 11. september kl.18-19
- Onsdag 4. oktober kl. 15-18 (merk: vekedag og tidspunkt)
- Mandag 9. oktober kl 18-19
- Mandag 13. november kl 18-19
Eksamen hausten 2023:
- Digital, skriftleg heimeeksamen (4 timar): Mandag 27. november
NORAN 604 Andrespråkslæring og -undervisning
Emnet har som mål å gje kunnskap om korleis ein lærer eit andrespråk (andrespråkslæringsteori), og om på kva måte læringsprosessen kan påverkast positivt gjennom undervisning (andrespråksdidaktikk). Dei læringsteoretiske delane av emnet omfattar mange ulike aspekt, både lingvistiske, kognitive og sosiale sider ved språklæring. I emnet inngår òg arbeid med innlærartekstar i eit læringsteoretisk perspektiv.
Eit viktig spørsmål er spørsmålet om språklæring skil seg frå anna læring, og om læringsprosessen følgjer generelle og faste mønster eller varierer frå individ til individ. Sentralt står også dei utfordringane innlærarar står overfor i møte med eit nytt språk i ein ny kultur der dei skal etablere nye liv.
Dei didaktiske delane av emnet handlar om grunnleggjande rammevilkår for andrespråksundervisning, der innlæraren sin fleirspråklege situasjon er eit viktig utgangspunkt. Det vert teke opp korleis andrespråksundervisning vert implementert for ulike målgrupper, ulike føremål og ulike skuleslag. Fokuset er hovudsakleg på opplæringssituasjonen i Noreg, med vekt på den organiserte opplæringa for innlærarar. Emnet tek òg opp ulike typar målsetjingar for språkundervisninga, ulike modellar for undervisningsorganisering og grunnleggjande undervisningsmetodiske prinsipp.
Merk: Emnebeskrivelsen er under revisjon for våren 2024 og kan bli noko endra.
Undervisningsplan vår 2024:
- Digitalt informasjonsmøte: Torsdag 11. januar
- Undervisning fire onsdager kl. 18.00 - 19.30 (via Zoom): 31. januar, 21. februar, 13. mars og 17. april
Eksamen: 6-timars digital heimeeksamen 13. mai 2024
Stipend/studiestøtte
Det finst fleire ordningar for å søke støtte til studieavgifta, anten du er tilsett i grunnskule/vidaregåande skule eller i vaksenopplæring/norskopplæringa.
Merk! Fristen for å søke desse ordningane gjekk ut 1. mars.
Uavhengig av om du har søkt støtte frå Utdanningsdirektoratet/HK Dir eller ikkje, må du i tillegg søke opptak til sjølve emna direkte hos UiB, innan dei fristane som er oppgitt her på våre nettsider.
Du vil normalt få svar på søknader om studiestøtte i april/mai. Du kan difor søke studieplass hos oss allereie no og eventuelt trekke deg frå plassen seinare dersom du ikkje får innvilga studiestøtte. Vi aksepterer trekk heilt fram til studiestart i august. Les meir om våre vilkår her
Lærar i grunnopplæringa? Søk Utdanningsdirektoratet - Kompetanse for kvalitet
Dersom du er lærar og tilsett i grunnskule/vidaregåande skule, kan du søke om støtte gjennom Utdanningsdirektoratet si vidareutdanningsordning Kompetanse for kvalitet.
Norsk som andrespråk/Prismestudiet ved UiB står ikkje på lista over dei videreutdanningane som har opptak direkte gjennom Kompetanse for kvalitet-ordninga. Men du kan likevel søke om stipend/vikarmidlar for å ta såkalte "andre tilbod". Les meir om søknadsprosessen
Fristen for å søke stipend/vikarmidlar for studieåret 2023-24 gjekk ut 1. mars.
Lærar i norskopplæring? Søk HK-Dir
Er du lærar i vaksenopplæringa og underviser vaksne innvandrarar i norsk etter integreringslova? Då kan du søke om stipend/vikartilskudd hos Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (tidlegare Kompetanse Norge). Søknadsfristen gjekk ut 1. mars.
Opptakskrav og prioritering
Generelle krav for opptak til vidareutdanningar ved UiB er generell studiekompetanse eller realkompetanse for deg som er over 25 år og eventuelt ikkje har generell studiekompetanse.
- Er du under 25 år må du dokumentere at du har generell studiekompetanse i samband med registrering av søknad, dersom du ikkje allereie er registrert med dette.
- Er du over 25 år vil du kunne få opptak på grunnlag av realkompetanse, det vil seie at vi vurderer at summen av tidlegare utdanning og yrkeserfaring gir deg studiekompetanse hos oss. Du treng då ikkje dokumentere noko i høve til dette.
Vi har 150 studieplassar på kvart av dei to emna NORAN 602/604, medan vi har 100 studieplassar på NORAN609. UiB tek opp kvalifiserte studentar kronologisk i den rekkefølgen søknadane blir registrerte. Dersom det blir fullt, vil du få tilbod om å stå på venteliste.
Spesielle krav til gode norskferdigheiter
For opptak til kvart av dei tre emna krev vi dessutan at du har tilstrekkeleg norskkompetanse. Har du generell studiekompetanse/vidaregåande skule er norskkravet dekka.
Dersom du ikkje har norsk som morsmål må du dokumentere at du har norskferdigheiter på B2-nivå eller betre. Du må då laste opp dokumentasjon i form av kursbevis på B2- nivå, eventuelt karakter B eller A frå norskkurs på universitet/høgskule på trinn 3 når du søker studieplass. Merk at dette er eit absolutt minimumskrav for opptak, og vi tilrår at du har norskferdigheiter på C1-nivå, for å få fullt utbytte av Prisme-emna.
Dersom du ikkje får resultat frå norskprøva di innan søknadsfristen, kan du gjere oss merksam på det når du søkjer, ved å sende oss ein e-post: videre@uib.no. Vi vil då kunne utsette behandlinga av søknaden din, til du har fått resultatet og kan sende oss dokumentasjon på bestått B2-nivå.