Hjem
Etter- og videreutdanning

Erfaringsbasert master i undervisning

Er du lærar og ynskjer fagleg fordjuping ved sidan av jobb? Ved UiB kan du ta erfaringsbasert mastergrad i undervisning på deltid, med fordjuping i engelsk, norsk eller matematikk.

Erfaringsbasert master i undervising med fordjuping i engelsk
Med mastergrad i undervisning og fagleg fordjuping i undervisningsfaga norsk, engelsk eller matematikk blir du fagleg tryggare som lærar.

Hovedinnhold

Master i undervisning er eit deltidsstudium over fire år der målet er å vidareutdanne allmennlærarar for mellomtrinnet og ungdomstrinnet i grunnskulen og for oppgåver i den vidaregåande skulen. Du kan velje mellom fordjuping i engelsk, norsk eller matematikk. Les meir om mål og innhald i dei ulike spesialiseringane: 

Målgruppe og opptakskrav

Masterstudiet rettar seg mot deg som har allmennlærarutdanning med minst 60 studiepoeng i fordjupingsfaget du har valt, eventuelt ein bachelorgrad der det inngår minst 60 studiepoeng i fordjupingsfaget samt praktisk pedagogisk utdanning eller tilsvarande. 

Sidan studiet er eit vidareutdanningstilbod, er det krav minst 2 års relevant undervisningserfaring frå skulen.

Søknad og opptak

Det vert teke opp nye studentar til fordjupingsretningane norsk og engelsk for med oppstart hausten 2021. Søk plass gjennom søknadsweb innan 15. april 2021. 

FordjupingStudiestartSøknadsfrist
Fordjuping i engelskHaust 202015. april 2020
Fordjuping i norskHaust 202015. april 2020
Fordjupning i matematikkHaust 202115. april 2021

Meir informasjon

Les meir om innhaldet i kvar av dei fagleg fordjupingane nedanfor, eller ta kontakt med studierettleiarar ved det aktuelle instituttet som har det faglege ansvaret. Kontaktinformasjon til desse finn du i menyen til høgre.