Hjem
Etter- og videreutdanning
Deltidsstudier for museumstilsette

Forsking og publisering i museum

Korleis utformer vi eit godt forskingsprosjekt i eige museum og formidler funna? Vidareutdanning på deltid skal bidra til å styrke forskings- og publiseringskompetansen i musea. Siste søknadsfrist: 20. august.

Fugler i inngangspartiet, Universitetsmuseet i Bergen
Vidareutdanningstilbodet for museumstilsette skal gje kompetanse i å planlegge sjølvstendige forskingsprosjekt og øving i vitskapleg publisering. Her frå inngangspartiet, Universitetsmuseet i Bergen.
Foto/ill.:
UiB

Hovedinnhold

Forsking er stadig sterkare trekt fram som ein vesentleg oppgåve for museumssektoren. Universitetet i Bergen har utvikla to vidareutdanningsemner retta mot tilsette i musea, der målet er å gje kompetanse i å planlegge sjølvstendige forskingsprosjekt og gi øving i vitskapleg publisering. Kursa er utarbeidd i samarbeid med Norges museumsforbund.  

Organisering og undervisning

Begge vidareutdanningsemna er samlingsbasert, med tre samlingar à 3 dagar i Bergen i løpet av eitt semester.  Samlingane omfattar forelesningar, seminardiskusjonar og grupperettleiing, samt individuell rettleiing på nett mellom samlingane. 

Det er obligatorisk å delta på alle tre samlingane. 

Vi har 20 studieplassar på kvart av emna, og det er inga studieavgift. Du må imidlertid betale kr 590,- i semesteravgift til Studentsamskipnaden Sammen. Utgifter til pensumlitteratur og reise/opphald i samband med samlingar kjem óg i tillegg. 

Opptakskrav

Begge emna er på masternivå og du må difor ha min. bachelorgrad, cand.-mag-grad eller tilsvarande utdanning. Det er vidare ei forutsetning for opptak at museet du er tilsett ved tilrår at du søker, og at forskningsprosjektet du ynskjer å gå i gang med fell innanfor det vi har rettleiingskompetanse på (arkeologi, historie, kulturvitskap o.l. med humanistisk innretning). Når du registrerer søknad ber vi derfor om at du samstundes lastar opp følgjande:

  • Dokumentasjon på min. bachelorgrad eller tilsvarande utdanning 
  • Kort stadfesting frå arbeidsgjevar på at dei er innforstått med- og tilrår søknaden din
  • Kort prosjektskisse for planlagt forskingsprosjekt (1-3 A4-sider)

MUSE 620 Å forske i og på museum  

Emnet MUSE 620 Å forske i og på museum er eit praktisk og teoretisk emne som skal gi oppdatert kunnskap om relevant teori, metode og forskingsetikk samt trening i å konkretisere forskningstema. Med hjelp av rettleiar og medstudentar skal studentane skrive ei prosjektskisse som kan danne grunnlag for eit konkret forskningsprosjekt. Prosjektet kan til dømes vere basert på samlingane i eit bestemt museum, vere formulert innan ein museumsrelevant tematikk, eller dreie seg om musea si rolle i samfunnet.

Les heile emnebeskrivelsen

Emnet går kvart haustsemester. Vi legg opp til tre samlingar ved UiB i løpet av haustsemesteret, kvar samling frå onsdag kl. 12.00 til fredag kl. 12.00. Undervisningsplan hausten 2023 vert fastsett i løpet av våren, men under ser du planen som gjaldt for hausten 2022: 

1. samling veke 3531. august - 2. september
2. samling veke 405. - 7. oktober
3. samling veke 4722. - 24. november (NB: endra frå veke 46)
Innlevering prosjektskisse1. desember 

MUSE 621 Vitskapleg publisering for museumstilsette

Emnet MUSE 621 Vitskapleg publisering for museumstilsette skal gjere studentane kjende med publisering av vitskaplege tekstar, særleg i fagfellevurderte tidsskrift. Det skal òg gje øving i å skrive ein vitskapleg artikkel basert på eit forskingsprosjekt.

Studentane skal skrive eit utkast til ein vitskapleg artikkel under rettleiing og diskutere eigne og medstudentane sine artikkelutkast, ut frå bestemte faglege vurderingsnormer og retningsliner. Artikkelen kan vere basert på eit sjølvstendig forskingsarbeid knytt til museumssektoren og/eller andre sjølvstendige forskingsarbeid og vere klar for innsending til eit tidsskrift. Denne vert vurdert til greidd/ikkje greidd.  

Les heile emnebeskrivelsen

Emnet går kvart vårsemester, med tre samlingar ved UiB, frå onsdag kl. 12.00 til fredag kl. 12.00. Våren 2023 vert det samlingar ved UiB i desse vekene, med atterhald om endringar: 

Veke 318. - 20. januar 2023
Veke 1122. - 24. mars 2023
Veke 1910. - 12. mai 2023
Veke 23Innlevering av oppgåve/artikkel

Møt tidlegare studentar 

Sidan oppstarten i 2015 har museumstilsette ved både små og større museum i ulike delar av landet teke eitt eller begge emna og fått kunnskap og innsikt i korleis forskning og publisering kan foregå. Fleire av dei peikar på at forsking og publisering kan bidra til å heve kvaliteten på musea og at kurs som dette kan vere med på å senke terskelen for å gå igang med forskingsprosjekt, også for mindre museum utan eigne forskingsstillingar.

– Gjennom forsking får vi fram ny kunnskap som ikkje berre kan publiserast gjennom vitskaplege artiklar, men også gjennom meir populærvitskaplege publikasjonar. På sikt bør forskingsresultat også danne utgangspunkt for det vi formidlar gjennom utstillingar i museet, seier Sondre B. Hvam. Han er konservator ved Jærmuseet og tok kurset MUSE621 våren 2016. 

Les heile intervjuet