Hjem
Lærerutdanning
Praktisk-pedagogisk utdanning

Praktisk-pedagogisk utdanning, heiltid, for teoretiske og allmenne fag

Ligg det ein gryande formidlar i deg? Har du studert fag i din bachelor eller mastergrad, som blir undervist i skulen? Har du lyst til å formidle kunnskapane dine til kommande generasjonar av elevar?

forskende elev
Forskende elev
Foto/ill.:
Ingvild Festervoll Melien

Då er praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) noko for deg. Dette er eitt årsstudium som byggjer på dine tidlegare fagkunnskapar, og gir deg den kvalifikasjonen du treng for å undervise i frå 5. trinn og opp i grunnskolen og vidaregåande skule. UiB tilbyr PPU både på heiltid og deltid. For meir informasjon om PPU deltid, sjå programsida eller sida som er lenka til under.   

Studiet består av pedagogikk, som er eit generelt reiskapsfag for undervisinga i skulen. I tillegg tar du fagdidaktikk i det eine eller dei to faga du har studert, kor du lærer å bruke dine fagkunnskapar i klasserommet. Over 50% av studiet består av praksis i skulen, kor du vil vere mykje i klasserommet saman med elevane. På PPU ved Universitetet i Bergen tilbyr vi tett oppfølging både på skulen og av faglærarar på campus. Studiet byrjer med ei innføringsveke, som er ein introduksjon til resten av studiet, og ein sjanse til bli godt kjent med medstudentane dine.

Som lærer vil du jobbe mest i grunnskule og vidaregåande skule. Likevel, som utdanna lærar, er du og attraktiv i formidlings- og opplæringssamanheng i andre kultur- og samfunnsinstitusjonar, som til dømes formidling for barn og unge på bibliotek og museum.

Eit årsstudium i praktisk pedagogikk kvalifiserer òg til masterprogramma i logopedi og pedagogikk, og eventuelle andre mastergradar i pedagogikk og spesialpedagogikk ved andre universitet.