Krav til fagleg fordjuping for PPU
Her finn du informasjon om kva for fagleg bakgrunn som kvalifiserer til opptak til PPU. Denne sida gjeld for praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne og teoretiske fag, heiltid.
Kva er krava til fagleg fordjuping?
Du må kvalifisere for opptak i minst eitt undervisningsfag som UiB tilbyr fagdidaktikk i for å vere kvalifisert søkjar til PPU, og du må ha:
- Minst 60 studiepoeng i det eine eller dei to faga du søker opptak på grunnlag av
- Ei særleg samansetting av emne/fagleg innhald
- C-snitt i dei 60 studiepoenga som utgjer fordjupinga
Du finn ei oversikt over kva for emne du må ha for å oppfylle kravet til fagleg fordjuping under.
Korleis oppnår eg fagleg fordjuping?
Viss du ikkje oppfyller dei faglege krava for å komme inn på PPU, kan du søke opptak til UiB for å dei faga du manglar. Du kan for eksempel søke opptak til eit årsstudium i faget du ønskjer å fordjupe deg i gjennom Samordna Opptak. Viss du nettopp har fullført ei grad ved UiB kan du søke om poststudierett.
OBS! Frå 2019 er det krav om fullført mastergrad for å få opptak til PPU.