Hjem

Lærerutdanning

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)

Slik blir du lærar med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)

Har du høgare utdanning, og ønsker å bli lærar? Då er praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) vegen å gå.

Suzanne og Caritha har begge studert praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) passar for deg som har høgare utdanning, og ønsker å undervise i skulen. Suzanne og Caritha har begge hatt stor glede av utdanninga.

Kva er PPU?

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) er eit eittårig påbyggingsstudium som kvalifiserer deg til å undervise frå femte trinn på barneskulen til vidaregåande skule og vaksenopplæring.

På Universitetet i Bergen (UiB) kan du bli lærar på to ulike måtar:

  • Ta ei femårig lektorutdanning
  • Ta ein bachelorgrad eller mastergrad, og deretter bygge på med eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)

Obs! Frå haust 2019 vil det bli innført krav om fullført mastergrad for opptak til PPU. I 2018 er det med andre ord siste moglegheit til å ta PPU utan mastergrad. 

PPU må ikkje bli forveksla med årsstudiet i pedagogikk, som ikkje kvalifiserer deg for læraryrket.

Kva utdanningar tilbyr UiB?

Universitetet i Bergen tilbyr fire ulike praktisk-pedagogiske utdanningar:

Sånn er det å ta PPU

Caritha Håland fulgte faginteressa og begynte på bachelor i historie og forstod etter kvart at ho ville jobbe i skulen. – Eg hadde lyst til å bli lærar. Då var PPU det naturlege valet – og den enkle vegen.

– Eg har blitt bevisst på ting eg tidlegare ikkje visste, til dømes korleis eg kan bruke det eg lærer i ein faktisk undervisningssituasjon, og korleis dette påverkar kven eg er, og blir, som lærar, seier Caritha. 

– Det som slår meg med studentane som går på PPU er at dei er utruleg oppegåande menneske som kjem til å bli veldig gode lærarar, og det gjer meg håpefull for framtidas lærarar – og ikkje minst: dei elevane som skal ha desse lærarane. Og så må eg få gi ein shout out til seminarleiarane som holder utruleg høgt nivå, eg er verkeleg imponert over dei!

Kven kan søke PPU?

For å kome inn på PPU treng du:

  • 180 studiepoeng med høgare utdanning
  • fagleg fordjuping i minst eitt undervisningsfag (søkarar med to fag vil bli prioritert)
  • at UiB tilbyr fagdidaktikk i undervisningsfaget/undervisningsfaga. Didaktikk er læra om undervisning og læring i eit fag. 
  • minimum 60 studiepoeng i undervisningsfaget/-faga
  • eit snitt på minst C i undervisningsfaget/-faga som utgjer opptaksgrunnlaget. Karaktersnittet blir rekna ut på grunnlag av dei 60 studiepoenga som gir opptak.

I tillegg må du levere gyldig politiattest ved semesterstart.

Kva kan du jobbe som?

PPU kvalifiserer deg til å undervise frå femte trinn på barneskulen til vidaregåande skule og vaksenopplæring. Suzanne Skintveit fekk jobb som lærar før ho var ferdig med studiane. 

– I studietida var det monge som fortalte meg at eg ikkje kom til å få jobb som lærar, men dei tok grundig feil: Det gjekk fort å få jobb, og eg hadde faktisk jobb før eg var ferdig med PPU – og gjekk rett ut i relevant jobb etter endt studie.

– Om du har lyst til å bli lærar er det veldig fornuftig å ta dette faget, og då særleg med tanke på praksisen, seier Suzanne. – Her lærer du kva kapasitet ein har, kva ein kan klare, og her får du ein høve til å stille spørsmål. Du får gode tips til å lage undervisningsopplegg, og du oppdagar etter kvart at det å være lærar er ein stor jobb.

Korleis søker du?

PPU startar kvar haust og har søknadsfrist 15. april. Det vil bli opna for søking i Søknadsweb frå februar 2018.