Hjem
Lærerutdanning

Fagdidaktisk tilbod i PPU

Her finn du ei oversikt over det fagdidaktiske tilbodet for opptak til PPU.

Kva er fagdidaktikk?

Didaktikk er læra om undervisning og læring i eit fag. I fagdidaktikk lærer du dermed korleis du skal undervise i faget ditt. Som ein del av PPU tar du derfor emne i fagdidaktikk. Emna er knytt til det eller dei undervisningsfaga som du har fordjuping i. Viss du for eksempel har fagleg fordjuping i spansk og samanliknande politikk, skal du ta fagdidaktikk i spansk og i samfunnskunnskap.

Tilbodet i fagdidaktikk kan variere frå år til år.

Ein kan få opptak i enten eitt eller to undervisningsfag, men opptak i eitt fag gjeld kun nokre av faga. Du kan sjå kva slags fag som blir tilbode i eitt- og tofagsmodellen i oversikta under.

Vi gjer merksam på at søkarar som er kvalifisert i to fag vil bli prioritert framfor dei som kun er kvalifisert i eitt fag.

Tilbodet i fagdidaktikk hausten 2019

Humanistiske fag

Tofagsmodell:

  • Norsk
  • Norsk som andrespråk
  • Engelsk
  • Tysk
  • Fransk
  • Spansk
  • Filosofi
  • Religion
  • Historie

Eittfagsmodell:

Det vil vere mogleg å få opptak på eittfagsmodellen i alle dei humanistiske faga som tilbys i tofagsmodellen. I tillegg til faget du har fått opptak i, skal du ta eit felles didaktikkemne i humanistiske fag begge semestre.

Samfunnsfag, mediefag og IT

Tofagsmodell:

  • Geografi
  • Samfunnskunnskap
  • Medievitenskap
  • Informatikk/informasjonsvitenskap

Eittfagsmodell:

  • Samfunnskunnskap
  • Medievitenskap

Psykologi

  • Psykologi (både eitt- og tofagsmodell)

Matematikk og naturvitskap

Tofagsmodell:

  • Matematikk
  • Naturfagskombinasjonen
  • Kjemi
  • Biologi
  • Fysikk
  • Geofag

Eittfagsmodell:

  • Matematikk

Andre PPU-tilbod

Innanfor PPU deltid tilbyr vi førebels berre matematikk og naturfag.

Sjå her for PPU innanfor kunst, musikk og design