Hjem
Lektorutdanning
Lektorutdanning

Kva studieveg skal eg velgje?

Femårig lektorutdanning, eittårig praktisk-pedagogisk utdanning eller erfaringsbasert master i undervisning?

Hovedinnhold

Gode grunnar til å velgje femårig lektorutdanning med master:

  • Du kjenner deg sikker på at du ønskjer å jobbe i skulen og med ungdommar.
  • Du får både ein mastergrad og ei profesjonsutdanning.
  • Du får ei utdanning med breidde som gjer deg attraktiv for skulen, samtidig som du skaffer deg solid faglig dybde i eitt av faga.
  • Du følgjer eitt kull gjennom heile studiet.
  • Du får fire praksisperiodar kor du får øve deg som lærar i skulen.

Gode grunnar til å velgje eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU): 

  • Du har allereie fullført ein mastergrad og har tatt fag som er aktuelle i læreryrket.
  • Du ønskjer andre fagkombinasjonar enn det som er mogleg i dei femårige lektorutdanningsprogramma, t.d. master i matematikk med samfunnskunnskap ved sida av.
  • Du ønskjer meir fagleg spesialisering enn det dei femårige lektorutdanningsprogramma gir.

Gode grunnar til å velgje erfaringsbassert master i undervisning:

  • Du er allereie lærar og ønskjer fagleg fordjuping ved sida av jobb.

  • Du har allmennlærarutdanning med minst 60 studiepoeng i eitt av fordjupingsfaga som Universitetet i Bergen tilbyr (norsk, engelsk og matematikk).

  • Du har ein bachelorgrad der det inngår minst 60 studiepoeng i fordjupingsfaget samt praktisk pedagogisk utdanning eller tilsvarande.