Hjem
Lærerutdanning

Opptakskrav for PPU

PPU byggjer på tidligare avlagt utdanning. Her får du informasjon om kva som er krevd for opptak til programmet. Dette gjeld for praktisk-pedagogisk utdanning innanfor allmenne og teoretiske fag, ikkje musikk/kunstfag.

Innhold

Kva for utdanning treng du?

For å kome inn på PPU treng du:

  • ein mastergrad som inneheld minst eit relevant fag som gir kompetanse til å undervise
  • fagleg fordjuping i minst eitt undervisningsfag som UiB tilbyr fagdidaktikk i
  • minimum 60 studiepoeng i faget/faga
  • normalt eit snitt på minst C i faget/faga som utgjer opptaksgrunnlaget. Karaktersnittet blir rekna ut på grunnlag av dei 60 studiepoenga som gir opptak.

I tillegg må du levere gyldig politiattest ved semesterstart.

Kva for fagleg fordjuping treng du?

Du må ha fordjuping i fag som gir undervisningskompetanse i skolen, og som universitetet tilbyr fagdidaktikk i. Det er særlege krav til samansettinga av fordjupinga. Sjå eigne krav til fordjuping under.

Tar du eksamen i semesteret du søker PPU?

Du må ha fullført relevante eksamenar innan 1. juli det semesteret du har søkt PPU.

Korleis rangerer vi søkarane?

Søkarane rangerast etter desse kriteria for opptak til studieåret 2018/2019:

  • Søkarar som er kvalifiserte i to fag som UiB tilbyr fagdidaktikk i, går framfor søkarar med eitt fag.
    • Dersom du får tilbod i to fag, må du takke ja til begge faga.
  • Karaktersnitt på opptaksgrunnlaget.

Det er eit avgrensa antall plassar. Me tar atterhald om at det berre vil bli tatt opp så mange studentar som det er mogleg å skaffe praksisplassar til.

Sjå elles eigne forskriftar om opptak til PPU.