Hjem
Lektorutdanning
Opptak PPU

Korleis søke opptak til PPU?

Her finn du informasjon om korleis du søker opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) i teoretiske og allmenne fag.

Hovedinnhold

Når kan du søke?

  • Du kan søke frå 1. februarSøknadsweb
  • Søknads- og dokumentasjonsfristen er 15. april
  • Ettersendingsfristen for utdanning du fullfører i vår, er 1. juli
  • Du får svar på søknaden i starten av juli, og må svare på tilbodet innan oppgitt frist. 

 

Desse faga tilbys

Ein kan få opptak i enten eitt eller to undervisningsfag, men opptak i eitt fag gjeld kun nokre av faga. Du kan sjå kva slags fag som blir tilbode i eitt- og tofagsmodellen i oversikta under.

Dersom du får tilbod i to fag, må du takke ja til begge faga. Du stillar mykje sterkare som jobbsøkar i skulen etter studia dersom du har undervisningskompetanse i to fag, og ikkje berre eitt.

Dette er fagtilbodet hausten 2024: 

Tofagsmodell:

  • norsk
  • norsk som andrespråk
  • engelsk
  • tysk
  • fransk
  • spansk
  • filosofi
  • religion
  • historie
  • samfunnskunnskap
  • matematikk
  • naturfagskombinasjonen
  • kjemi
  • biologi
  • fysikk
  • psykologi

Eittfagsmodell:

  • norsk
  • norsk som andrespråk
  • engelsk
  • tysk
  • fransk
  • spansk
  • historie
  • samfunnskunnskap
  • psykologi

Rangering av søkarar

Dersom det er fleire kvalifiserte søkarar enn antal plassar på PPU, blir søkarane rangert etter desse kriteria:

  1. Søkarar som er kvalifisert i to fag som UiB tilbyr fagdidaktikk i, går framfor søkarar med eitt fag.
  2. Karaktersnitt på opptaksgrunnlaget.

Dokumenta dine

Har du utdanningen din frå UiB eller offentlege norske universitet eller høgskular?

Då har vi tilgang til resultata dine, og du treng ikkje å laste opp karakterutskrifter eller vitnemål i Søknadsweb.

Her kan du sjå meir informasjon om resultatutveksling for utdanningsinstitusjonar.

Har du utdanning frå BI, Bjørknes eller Atlantis Medisinske Høyskole?

Då må du laste opp dokumentasjon på fullført utdanning.

Kva dokument skal lastast opp?

  • Original evt. attestert kopi av vitnemål på oppnådd mastergrad (eller tilsvarande grad). 
  • Original evt. attestert kopi av karakterutskrift for alle dine oppnådde eksamenar. (Leggast ved viss du fullfører ein mastergrad dette semesteret, eller viss desse eksamenane ikkje inngår i graden men er relevante for opptaket). Marker gjerne dei emna du meiner er relevante med tanke på det/dei faga du har søkt opptak til.

Fullfører du graden eller relevante emne i søknadssemesteret?

Dersom du fullfører grad/forbetrar karakterane på opptaksgrunnlaget dette semesteret, må du laste opp kopi av eksamensmeldingar (for eksempel skjermdump frå Studentweb eller stadfesting frå lærestaden) som viser kva emne du tar innan 15. april. Du treng ikkje å laste opp dokumentasjon for emne du er meldt i ved UiB. 

Frist for å laste opp dokumentasjon på utdanning du fullfører i inneverande semester er 1. juli

Har du utdanning frå utlandet?

Då må du i tillegg laste opp:

  • Oversettelser av utenlandske dokumenter: Vi godkjenner kun engelske og skandinaviske dokument. Oversettelser skal gjøres av translatør eller tolketjeneste. Du må laste opp både originalen og oversettelsen innen søknadsfristen. 
  • Emneplanar (inkludert pensum/litteraturliste) på engelsk, norsk eller anna skandinavisk språk som dokumenterer innhaldet i utdanninga.
  • Utgreiing av vektingssystemet (dvs. kor mange credits/ECTS som utgjer eit fulltidsstudium) og karakterskalaen som den utanlandske lærestaden nyttar.
  • Godkjenningsbrev frå NOKUT: Har du fått eit godkjenningsbrev fra NOKUT for din utenlandske gradsutdanning? Godkjenningsbrevet er ikkje obligatorisk, men er nyttig for oss.

Har du berre utdanning frå utlandet?

Søkarar som har utdanning frå land utanfor Norden, må dokumentere tilstrekkelege norskkunnskapar. Du dekker språkkravene i norsk med generell studiekompetanse, enten på grunnlag av norsk videregående skole eller på annen måte.

Har du lærarutdanning frå utlandet?

Viss du allerede har ei lærarutdanning frå utlandet, bør du ta kontakt med Utdanningsdirektoratet for ei vurdering, eller godkjenning, av denne utdanninga. Les meir om dette her.

NB! Har du bedt om, og mottatt, ei førehandsvurdering av emna dine relatert til opptak for PPU, last opp brevet eller eposten om dette. Alternativt kan du leggje inn ein merknad i merknadsfeltet i søknadsbiletet.

Du har sjølv ansvar for at all nødvendig dokumentasjon er lasta opp i tide. Søknader utan dokumentasjon vil ikkje bli vurdert.

Dokumentasjonskontroll

Etter opptaket kan du bli bedt om å framvise originale dokument eller på annan måte dokumentere at opplasta dokumentasjon er korrekt. Viss du ikkje kan framvise godkjent dokumentasjon, kan du miste retten til å studere.

Søk opptak

1. Registrer søknaden din

  • 1. februar: Søknadsweb åpner.
  • 15. april: Søknadsfrist og frist for å laste opp dokumentasjon.
  • 1. juli: Frist for å dokumentere utdanning som fullførast inneverande semester. 

2. Last opp dokumenta dine

Veiledning for opplasting av dokumentasjon

Du lastar opp dokumentasjon til "Mine dokument" i Søknadsweb. Du kan kva tid som helst sjekke kva dokument du har lasta opp. 

  • Last opp dokument i PDF-format (ikkje bruk komprimerte filer som ZIP eller RAR). 
  • Kontroller at filene du har lasta opp kan åpnes og at dokumentene er tydelege og lesbare.
  • Gi dokumentene navn som klart viser kva dei inneheld (til dømes "mastergrad", "norskprøve", osv.). 
  • For dokumenter som har fleire sider må du laste opp alle sidane. Lag ei samla fil av dokument som har fleire sidar (her kan du få hjelp til å lage ei samla fil).
  • Du kan ikkje sende dokument på e-post. Alt (også ettersending) skal lastast opp på Søknadsweb.
  • Unngå å laste opp dokument som ikkje er etterspurt eller nødvendige i saksbehandlinga.

3. Prioritering

Det er mogleg å få opptak med enten eitt eller to undervisningsfag (sjå kva fag som blir tilbode på eitt- og tofagsmodellen over).

Når du søkjer vil du få opp ein meny med forskjellige fagval, kor du kan velje opp til fire alternativ. Det vil vere lurt å setje opp fleire alternativ du trur du kan vere kvalifisert i. Du vil uansett få tilbud i enten to eller eitt fag. Har du grunnlag for tre eller fleire undervisningsfag, er det viktig at du set opp faga i prioritert rekkefølgje. 

Du kan omprioritere dine fagdidaktikkval og leggje til nye på Søknadsweb innan 15. april.

Kva skjer med søknaden?

Du får tilsendt kvittering på mottatt søknad pr. e-post med ein gong du har sendt søknaden, og på denne kvitteringa vil det også stå opplysningar om vidare saksgang for opptaket.

Mens søknaden blir behandlet må du

  • sjekke at kontaktinformasjonen din er rett på profilsiden i søknaden din
  • sjekke e-posten din jevnlig - sjølv om du er på ferie
  • sjekke søppelfilteret ditt jevnlig

Få svar på søknaden din

Svar på søknaden i starten av juli 

Vi publiserer svaret på søknaden din i Søknadsweb og kontaktar deg på e-post. 

StatusKva betyr det?Kva må du gjere?
Tilbod

Du har fått tilbod om plass.

Du vil få informasjon om tid og stad for orienteringsmøtet/første oppmøte på e-post.

Dersom du ønskjer å takke ja til tilbodet, gjer du dette i Søknadsweb innan oppgitt frist. 

Dersom du ikkje takker ja til plassen innan oppgitt frist fell tilbodet om studieplass bort.

Venteliste

Du er vurdert som kvalifisert og kan få tilbod om studieplass i eit eventuelt suppleringsopptak.

Det er som regel venteliste fordi mange har søkt opptak med dei same undervisningsfaga. Søkarane blir då rangert etter karaktersnitt og etter om dei er kvalifisert i eitt eller to fag (desse vil bli gitt tilleggspoeng).

 

Dersom du ønskjer å stå på venteliste må du takke ja til dette på Søknadsweb innan oppgitt frist, viss ikkje bortfell tilbodet om ventelisteplass.

Ikkje kvalifisert

Du er ikkje funne kvalifisert/har fått avslag på søknaden om opptak då du ikkje tilfredsstillar eit eller fleire av opptakskrava.

Dette kan blant anna komme av at du ikkje har dokumentert relevant utdanning, ikkje har oppnådd mastergrad, ikkje har tilstrekkelig fordjupning, ikkje oppfyller C-kravet, m.m.

 

 

Betinget tilbod

Vi kan gi søkarar som manglar nødvendige opptakskrav betinget tilbod. Då må du dokumentere at manglande opptakskrav blir dekket innan registreringsfristen 1. september. Viss du får betinget tilbod og ikkje dekker kravet innan fristen, mister du tilbodet om studieplass.

Politiattest

Søkarar som takker ja til tilbod om plass på PPU må leggje fram politiattest ved studiestart. Du søker om politiattest på studentweb.uib.no. Du får politiattesten innen to veker frå politiet fekk søknaden viss du har oppretta digital postkasse. Politiattesten lastar du opp i det digitale skjemaet vårt. Fristen for å levere politiattest er 1. september.