Hjem

Lærerutdanning

Korleis søke PPU (heiltid og deltid)?

Her finn du informasjon om søknadsprosessen til PPU heiltid (allmenne og teoretiske fag), og PPU deltid i realfag. Hugs at søknadsfristen er 15. april!

Kor søker eg?

Søknad skjer elektronisk via Søknadsweb. Alle som har norsk personnummer kan bruke Søknadsweb. Søknadsweb opnar for søking i februar.

Slik søker du

Du søker elektronisk via Søknadsweb:

  • Logg inn med personnummer.
  • Registrer kontaktinformasjon. Denne informasjonen bruker vi for å gje deg eit eventuelt studietilbod.
  • Vel studieprogram, og vel deretter kva for undervisningsfag du søkjer opptak til. Det er viktig at du les informasjonen som står grundig.
  • For at vi skal kunne behandle søknaden din, MÅ du dokumentere utdanning avlagt ved andre lærestader enn UiB. Dette gjør du enten ved å samtykke til at vi hentar resultata dine frå andre norske lærestader, eller ved å laste opp vitnemål/karakterutskrift elektronisk på Søknadsweb innen søknadsfristen 15. april. Utdanning avlagt ved UiB treng du ikkje å dokumentere.
  • Er du under utdanning utanfor UiB i inneverande semester, må du samtykke til resultatutveksling eller laste opp karakterutskrift som viser emne som er fullført innan 15. april. I tillegg må du laste opp ei vurderingsmelding (eksamensmelding) for emner du tek i inneverande semester innan 15. april. Frist for å laste opp dokumentasjon på utdanning du fullfører i inneverande semester er 1. juli

Når du søkjer om opptak gjennom SøknadsWeb er det viktig at du fyller ut alle felta i skjemaet med søkjaropplysningar; inkludert privat e-post, noverande adresse og telefonnummer.

På PPU heiltids-programmet er det mogleg å få opptak med enten eitt eller to fagdidaktikkemne. Søkarar som er kvalifisert i to fag blir prioritert framfor dei som kun er kvalifisert i eitt fag. Når du søkjer vil du få opp ein meny med forskjellige fagval, kor du kan velje opp til fire alternativ. Det vil vere lurt å settje opp fleire alternativ du trur du kan vere kvalifisert i. Du vil uansett få tilbud i enten to eller eitt fag. 

Ver merksam på at moglegheita for å få opptak med eitt fag kun gjelder for nokre av didaktikkfaga. Sjå derfor denne oversikta over kva for fag som blir tilbode i eittfagsmodellen hausten 2018

For PPU deltid er alternativa matematikk og naturfag automatisk lagt inn. Du treng ikkje å velje noko ekstra her.

Kva skjer med søknaden?

Du får tilsendt kvittering på mottatt søknad pr. e-post med ein gong du har sendt søknaden, og på denne kvitteringa vil det også stå opplysningar om vidare saksgang for opptaket.

Du kan omprioritere dine fagdidaktikkval og leggje til nye på Søknadsweb innan 15. april. Svar på opptaket sendast ut i i starten av juli.

Søkjarar med utdanning frå UiB

Dersom du har heile utdanninga di frå UiB, treng du ikkje å laste opp karakterutskrifter eller vitnemål i Søknadsweb.

Inngår det derimot ekstern utdanning som ein del av graden din, til dels exphil frå eit anna universitet eller valfrie emne ikkje tatt ved UiB, må du samtykke til resultatutveksling eller laste opp karakterutskrifter/vitnemål som dokumenterer den eksterne utdanninga.

NB! Har du bedt om, og mottatt, ei førehandsvurdering av emna dine relatert til opptak for PPU, last opp brevet eller eposten om dette. Alternativt kan du leggje inn ein merknad i merknadsfeltet i søknadsbiletet.

Søkjarar med utdanning frå ein annan lærestad

Dersom du har tatt heile eller delar av utdanning di ved ein annan lærestad, må denne dokumenterast. Det gjer du enten ved å samtykke til at vi henter resultata dine frå andre norske lærestader, eller ved å laste opp dokumentasjon på Studentweb innan 15. april.

Kva dokument skal du laste opp?

  • Orginal evt. attestert kopi av vitnemål på oppnådd bachelorgrad (eller tilsvarande grad, til dømes cand.mag.-grad). NB! Husk kopi av alle sidene av vitnemålet. Utanlandske vitnemål på andre språk enn engelsk eller skandinaviske språk må vere oversatt til eitt av dei nemnte språka av ein autorisert translatør.
  • Orginal evt. attestert kopi av karakterutskrift for alle dine oppnådde eksamenar. (Leggast ved viss du fullfører ein bachelorgrad dette semesteret, eller viss desse eksamenane ikkje inngår i graden men er relevante for opptaket.)
  • Kopi av eksamensmeldingar (for eksempel utskrift frå StudentWeb eller stadfesting frå lærestaden) for inneverande semester, viss du fullfører grad/forbetrar karakterane dine på opptaksgrunnlag dette semesteret.

Viss du har utdanning frå utlandet må du i tillegg laste opp:

  • Emneplanar (inkludert pensum/litteraturliste) på engelsk, norsk eller anna skandinavisk språk som dokumenterer innhaldet i utdanninga.
  • Utgreiing av vektingssystemet (dvs. kor mange credits/ECTS som utgjer eit fulltidsstudium) og karakterskalaen som den utanlandske lærestaden nyttar.

Viss du berre har utdanning frå utlandet må du også laste opp:

Vi klarer ikkje å vurdere bakgrunnen din skikkelig utan desse dokumenta, og du kan risikere å ikkje få plass på studiet. Prøv så godt du kan å få med emne-/kursbeskrivingar frå studiestaden din, eller studieplan og/eller ei pensumliste. Det absolutte minimum er ein karakterutskrift, eller vitnemål.

NB! Har du bedt om, og mottatt, ei førehandsvurdering av emna dine relatert til opptak for PPU, last gjerne opp brevet eller eposten om dette.

Har du lærarutdanning frå utlandet?

Hvis du allerede har ei lærarutdanning frå utlandet, bør du ta kontakt med Utdanningsdirektoratet for ei vurdering, eller godkjenning, av denne utdanninga. Les meir om dette her.

Må eg vise original dokumentasjon?

Alle som får studieplass og har ekstern utdanning vil bli bedt om å framvise originale vitnemål/karakterutskrifter ved studiestart.

Opplasting av dokumentasjon

  • Dersom du har papirdokument må du først skanne dei. Dette kan til dels gjerast på kopimaskiner på din lærestad, jobb eller på ein kopibutikk.
  • Dokumenta må lagrast slik at du har dei tilgjengeleg for opplasting når du søkjer på Søknadsweb.
  • Vi ber om at dokumentasjonen er lagra i pdf-format, men godtar også formata jpg, doc, docx, og odt.

Resultat av opptaket

 

StatusKva betyr det?Kva må du gjere?
Tilbod

Du har fått tilbod om plass.

Du vil få informsjon om tid og stad for orienteringsmøtet/første oppmøte på e-post.

Dersom du ønskjer å takke ja til tilbodet, gjer du dette i SøknadsWeb. (NB! Svaret kan berre bli gitt via SøknadsWeb, ikkje per post/e-post/telefon.) Du får opptaksbrevet tilsendt til adressa du har oppgitt i Søknadsweb.

Dersom du ikkje takker ja til plassen innan oppgitt frist fell tilbodet om studieplass bort.

Venteliste

 

Du er vurdert som kvalifisert og kan få tilbod om studieplass i eit eventuelt suppleringsopptak.

Det er som regel venteliste fordi mange har søkt opptak med dei same undervisningsfaga. Søkarane blir da rangert etter karaktersnitt og etter om dei har oppnådd ein grad.

 

Dersom du ønskjer å stå på venteliste må du takke ja til dette på SøknadsWeb innan oppgitt frist, viss ikkje bortfell tilbodet om ventelisteplass.

Ikkje kvalifisert

 

Du er ikkje funne kvalifisert/har fått avslag på søknaden om opptak då du ikkje tilfredsstillar eit eller fleire av opptakskrava.

Dette kan blant anna komme av at du ikkje har dokumentert relevant utdanning, ikkje har oppnådd bachelorgrad eller tilsvarande grad, ikkje oppfyller C-kravet, m.m.