Hjem
Lærerutdanning
Praktisk-pedagogisk utdanning i realfag, deltid

PPU deltid i matematikk og naturfag

Ligg det ein gryande formidlar i deg? Har du studert realfag i din mastergrad, som blir undervist i skulen? Har du lyst til å formidle desse kunnskapane til kommande generasjonar av elevar?

Elever på åpen dag

Då er praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) i matematikk og naturvitskap noko for deg. Dette er eitt årsstudium som byggjer på dine tidlegare fagkunnskapar, og gir deg den kvalifikasjonen du treng for å undervise i frå 5. trinn og opp i grunnskulen og vidaregåande skule. Denne utdanninga er deltidsbasert. For meir om PPU heiltid, sjå nedanfor.

Oppbygning av deltidstilbod i matematikk og naturfag

PPU-studiet består av:
- 30 studiepoeng pedagogikk
- 30 studiepoeng fagdidaktikk i matematikk og naturfag
- 60 dager praksis

På PPU deltid tek du studiet over to år og skal difor ta 15 studiepoeng kvart semester. Studiet er samlings-/nettbasert.

I tillegg til å delta på samlingar skal du ha praksis kvart semester.

Opptakskrav

For opptak må du ha:
• ein fullført mastergrad
• tilstrekkelig fagleg fordjupning i to fag der matematikk er eitt av faga og det andre må vere eitt av faga naturfag, fysikk, kjemi eller biologi
• eit karaktersnitt på C eller betre for kvart av dei to faga
• tilstrekkelige norskkunnskapar

Hva er tilstrekkelig fagleg fordjupning?

Du finn ei oversikt over kva du må ha i det enkelte fag her.

Viktig å være klar over:

  • PPU deltid tilbys i matematikk og naturfag. Det betyr at du har matematikkdidaktikk og naturfagdidaktikk som del av studiet og skal ha praksis i matematikk og naturfag. At det er mogleg å bli tatt opp f.eks. med matematikk og fysikk, gir normalt ingen endringar i studiet og krava som inngår der. Du får lov til å ta studiet sjølv om du ikkje dekker heile naturfaget, men berre ein del av det.
  • Ved opptak kan du mangle inntil 45 studiepoeng på å fylle krava for matematikk og enten naturfagkombinasjonen, eller fysikk, kjemi eller biologi. Du kan ikkje mangle meir enn 30 studiepoeng i eit fag ved oppstart. For å kunne fullføre PPU deltid, må du få tatt dei manglande studiepoenga i løpet av dei tre fyrste semestra. Du kan ikkje starte opp på 4. semester av deltidsstudiet før fagkrava er greidd. Karaktersnitt på C eller betre må og vere oppnådd før oppstart på 4. semester.

Søknadsfrist er 15. april via Søknadsweb.

NB! Studiet har ikkje oppstart høsten 2019. 

Sjå meir informasjon i studieplanen til PPU deltid.