Lektorutdanning
Kva studieveg skal eg velgje?
Femårig lektorutdanning, eittårig praktisk-pedagogisk utdanning eller erfaringsbasert master i undervisning?
Hovedinnhold
Gode grunnar til å velgje femårig lektorutdanning med master:
- Du kjenner deg sikker på at du ønskjer å jobbe i skulen og med ungdommar.
- Du får både ein mastergrad og ei profesjonsutdanning.
- Du får ei utdanning med breidde som gjer deg attraktiv for skulen, samtidig som du skaffer deg solid faglig dybde i eitt av faga.
- Du følgjer eitt kull gjennom heile studiet.
- Du får fire praksisperiodar kor du får øve deg som lærar i skulen.
Gode grunnar til å velgje eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU):
- Du har allereie fullført ein mastergrad og har tatt fag som er aktuelle i læreryrket.
- Du ønskjer andre fagkombinasjonar enn det som er mogleg i dei femårige lektorutdanningsprogramma, t.d. master i matematikk med samfunnskunnskap ved sida av.
- Du ønskjer meir fagleg spesialisering enn det dei femårige lektorutdanningsprogramma gir.
Gode grunnar til å velgje erfaringsbassert master i undervisning:
Du er allereie lærar og ønskjer fagleg fordjuping ved sida av jobb.
Du har allmennlærarutdanning med minst 60 studiepoeng i eitt av fordjupingsfaga som Universitetet i Bergen tilbyr (norsk, engelsk og matematikk).
Du har ein bachelorgrad der det inngår minst 60 studiepoeng i fordjupingsfaget samt praktisk pedagogisk utdanning eller tilsvarande.
29.03.2023