Praksisutvalet
Praksisutvalet er eit rådgivande organ for felles programstyre for lektorutdanning i saker som gjeld praksis i lektorutdanninga ved UiB.
Hovedinnhold
Praksisutvalet er eit tverrfakultært utval kor også skuleeigar er representert. Praksisutvalet skal bl.a. gi tilrådingar til felles programstyre i saker som gjeld praksis og føreslå løysingar på konkrete saker som gjeld praksisopplæringa.
Leiar: Fagleg praksiskoordinator Marthe Hatlen Grønsveen
Sekretæriat: Lektorsenteret v/ Hege Ekeland
Mandat og samansetning:
Praksisutvalet er eit rådgivande organ for felles programstyre for lektorutdanning i saker som gjeld praksis i lektorutdanninga. Praksisutvalet kan får delegert fullmakter frå felles programstyre i saker knytte til drift av praksis og ved justering av emneplanar.
Praksisutvalet har følgjande oppgåver:
- å gi felles programstyre tilrådingar i saker som gjeld praksis
- å følgje opp saker frå felles programstyre knytte til praksis
- å informere felles programstyre jamleg om arbeidet og om sentrale saker knytt til praksisopplæringa
- å utforme og revidere emneplanar for praksis
- å bidra til kvalitetssikring av praksisopplæringa, bl.a. ved gjennomgang av studentevalueringar
- å føreslå løysingar på konkrete saker som gjeld praksisopplæringa
- å avleggje årsrapport til felles programstyre, inkludert ei oversikt over bruken av tildelte midlar
Praksisutvalet blir leidd av den faglege praksiskoordinatoren ved lektorsenteret, og er vidare samansett på følgjande måte:
- representant frå Det psykologiske fakultetet
- representant frå SV-fakultetet
- representant frå HF-fakultetet
- representant frå MN-fakultetet
- representant frå ungdomskule, Bergen kommune
- representant frå vidaregåande skule, Vestland fylke
- to studentrepresentantar (PPU og 5LU)
Lektorsenteret utgjer sekretariat for utvalet
Medlemmer:
Navn | Tilhørighet |
Marthe Hatlen Grønsveen | Leiar, fagleg praksiskoordinator |
Marie von der Lippe | Det humanistiske fakultet |
Hilde Hjertager Lund | Det psykologiske fakultet/IPED |
Mona Langø | Det samfunnsvitskapelege fakultet |
Det matematisk-naturvitskapelege fakultet | |
Kristin Eikanger | Bergen kommune |
Monica Håkonsli | Vestland fylkeskommune |
Merethe V. Foer | Vestland fylkeskommune |
Studentrepresentant PPU | |
Bjørn Wigestrand | Studentrepresentant 5LU |
Sruthi Sivachandran | Observatør - student frå 5LU |
Innkallingar og protokollar 2013
Innkallingar og protokollar 2014
Innkallinger og protokoller 2015
Innkallingar og protokollar 2016
Innkallingar og protokollar 2017
Innkallingar og protokollar 2018
Innkallingar og protokollar 2019
Innkallingar og protokollar 2020
Innkallingar og protokollar 2021
Innkallingar og protokollar 2022
Innkallingar og protokollar 2023
Innkallingar og protokollar 2024
Møtedato | Saksliste og saksdokument | Protokoll |
23. januar | Saksliste og saksdokument | Protokoll |
16. april | Saksliste og saksdokument | Protokoll |
28. mai | Saksliste og saksdokument | Protokoll |