Hjem
Lektorutdanning

PPU i psykologi - fagkrav

Nedanfor finn du fagkrava for undervising i psykologi i vidaregåande skole.

Årsstudium i psykologi frå UiB kvalifiserer for opptak. Det same gjer utdanningar innanfor psykologi, der emna til saman utgjer minimum 60 studiepoeng i psykologi og har liknande innhald som emna i årsstudiet ved UiB, inkludert årsstudiet frå perioden 2003-2016. Eldre årsstudium eller andre utdanningar blir vurdert etter søknad. 

NB! Emna EXFAC03P (eller liknande emne) og PSYK100 tel også som relevante emne for opptak.

Det er mogleg å få ta PPU med berre psykologi som fag.

Viss du vil vite meir om opptak til PPU i psykologi, ta kontakt med studierettleiar.

 

Treng du nokre fleire emne dette studieåret før du søkjer PPU, så er alle emna i årsstudiet i psykologi åpne. Du kan studere dei som valfrie emne i ein bachelorgrad, eller med poststudierett (du kan søkje om rett etter ein avlagt bachelor- eller mastergrad). Hvis du ikkje har studierett ved Universitetet i Bergen, så kan du ta dei ved å få deg hospitantstudierett eller som privatist. Nokre emne er også mogleg å søkje seg til ved enkeltemneopptak. Informasjon om desse studierettane er samla på ei eiga side.