Hjem
Studentsider
erasmus+

Private Pädagogische Hohcschule der Diözese Linz og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier (ERASMUS+)

  • LandØsterrike
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

PhD-kandidater, primært i digital kultur

Når i studiet kan eg reise

Denne avtalen er kun for PhD-kandidater ved Universitetet i Bergen

Språk

Undervisningsspråket er Tysk og engelsk.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om språkkurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Emner i e-læring og digital pedagogikk

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Private pädagogische Hochschule der Diözeze Linz (PPHD) tilbyr både lærarutdanning og etter- og vidareutdanning for lærarar og andre yrke innan pedagogikk. PPHD si forståing av utdanning er tett knytt til eit kristeleg menneske- og verdsbilete. Campus ligg sentralt til ved foten av fjellet Freinberg, femten minutt til fots frå sentrum i Linz.

Linz blei grunnlagd av romarane allereie 800 år før vår tidsrekning og er i dag den tredje største byen i Austerrike, med 192 000 innbyggarar. Byen ligg på begge sider av elva Donau, 266 meter over havet og 30 kilometer sør for grensa mot Tsjekkia. Byen var utmerkt som europeisk kulturhovudstad i 2009, og er kjend blant anna for fleire moderne kunst- og teknologisentre.

Bustad

Universitetet har studentbustader nær campus der internasjonale studentar kan søke om plass. Ein kan også leige bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

Vintersemesteret: oktober – februar, sommarsemesteret: mars – september

Informasjon